UiO må spinka og spara

Innhold Neste Uniforum nr. 18 1997

Universitetet i Oslo har komande år eit samla budsjett på til saman 1 milliard 774 millionar 504 tusen kroner. Dette er rundt 48 millionar kroner mindre enn det universitetsleiinga hadde rekna med å få før statsbudsjettet blei presentert den 13. oktober.

AV MARTIN TOFT

27 millionar kroner av dette skuldast manglande overføringar på grunn av reduksjonen på 918 studieplassar. Resten er ikkje-kompensert lønsgliding. Dette fører til innsparingar på alle fakultet og i sentraladministrasjonen. Dermed blir det også lite pengar att til nyinvesteringar. Av nye tiltak for 1998 går rundt 3 millionar kroner til auka satsing på vedlikehald, 1 million kroner til omstillingstiltak og 950 000 kroner til det den planlagde seksjonen for etter- og vidareutdanning. Dessutan har universitetsdirektøren kome med framlegg om å løyva 900 000 kroner til det nye multimediasenteret. Det er også sett av ein pott på 800 000 kroner til tilrettelegging i det nye universitetsbiblioteket. Fakultetsvis fordeler det foreslåtte universitetsbudsjettet for neste år seg slik når ein tar med utgifter til løn og drift:

DET TEOLOGISKE FAKULTETET

Universitetsdirektøren foreslår at dette fakultetet får 11,837 millionar kroner.

- Dette vil føra til eit kutt i den reelle ramma på omlag 4,5 prosent, opplyser fakultetsdirektør Dag Myhre Nilsen. Desse nedskjeringane vil først og fremst gå utover antikkstudier som er eit nytt innatsområde for fakultetet. Når det gjeldt utdanning, vil det gå hardt utover tiltak for rekruttering og gjennomstrøyming av teologistudentar, fortel han.

DET JURIDISKE FAKULTETET

Dette fakultet får 60,912 millionar kroner neste år, dersom framlegget til universitetsdirektøren blir vedtatt i kollegiemøtet den 9.desember.

DET MEDISINSKE FAKULTETET

Framlegget går ut på at dette fakultetet får 156,471 millionar kroner neste år.

- Det fører til at me må spara inn rundt 5 millionar kroner på løns- og driftsbudsjettet vårt, fortel assisterande fakultetsdirektør Vibeke Stene. Dette vil utgjera eit kutt på rundt 3,2 prosent for alle institutta med unnatak av Senter for medisinsk etikk, Institutt for sjukepleivitskap og Hovudfaget i helsefag som blir skjerma for kutt i denne omgang.

DET HISTORISK-FILOSOFISKE FAKULTETET

Dette fakultetet får 204,026 millionar kroner neste år, om framlegget til universitetsdirektøren blir vedtatt.

- Me må spara litt over 17 millionar kroner, fortel fakultetsdirektør Grete Klempel Starheim. Ein stor del av dette gjeld kutt av 398 studieplassar på lågare grad. Dette fører til at fakultetet må konsentrera seg om å dekka løn til fast tilsette og stipendiatar og må skjera inntil beinet på timelærarløyvingar og andre lause midlar. I år har fakultetet tilsett 12 stipendiatar, medan det neste år berre kan tilsetja fire.

- Vårt fakultet har også det administrative ansvaret for examen philosophicum. Dersom ikkje kollegiet vedtar å løyva pengar til å dekka stillingane som er øyremerka examen philosophicum, vil minst 1200 av desse studentane mista tilbod om øvingskurs og opppgåveløysing. Det er tilbod som i dag utgjer 75 prosent av undervisningstilbodet, opplyser Starheim.

DET MATEMATISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTETET

Fakultetet har fått 286,200 millionar kroner på framlegget til universitetsbudsjett.

- Vi må spara rundt 10 millionar kroner på løn- og driftsbudsjettet, fortel assisterande fakultetsdirektør Trine Lise Zimmer. Ein stor del av reduksjonen skuldast kuttet på 138 studieplassar. Difor vil dette gå hardast utover hjelpelærar- og timelærarbudsjettet, forklarar Zimmer.

DET ODONTOLOGISKE FAKULTETET

Dette fakultetet vil neste år få 67,261 millionar kroner, dersom framlegget til universitetsdirektøren går i gjennom.

- Dette er det same som årets budsjett, men me må likevel spara fordi me ikkje har fått kompensert for lønsglidinga, fortel fakultetsdirektør Bente Torgersen. Dette vil føra til lågare driftsbudsjett for forskingsformål og ei utsetjing av to stillingar som skulle øyremerkast omorganiseringa ved fakultetet, seier ho.

DET SAMFUNNSVITSKAPLEGE FAKULTETET

Universitetsdirektøren har foreslått ei løyving på 114,308 millionar kroner til dette fakultetet.

- Dette representerer eit kutt på 6 prosent i høve til løyvinga frå i fjor, fortel fakultetsdirektør Tove Kristin Karlsen. Ho understrekar at dette er nominelt, slik at det reelle kuttet er høgare.

- Dette kjem til å gå utover undervisningstilbodet ved institutta, slår ho fast.

DET UTDANNINGSVITSKAPLEGE FAKULTETET

Dette fakultetet har fått ei løyving på 64,240 millionar kroner på framlegget til universitetsdirektøren.

- Dette vil gi ei innsparing på 1,9 prosent for oss, seier fakultetsdirektør Bjørnar Sarnes. I dette talet inkluderer han ein reduksjon 57 studieplassar til grunnfagsstudia.

- Sjølv om budsjettet for 1998 enno ikkje er handsama av kollegiet eller av fakultetsstyret, er det heilt klart at ein slik reduksjon vil gå utover undervisningstilbodet, forklarar Sarnes.

Resten av universitetsbudsjettet fordeler seg slik:

Sentraladministrasjonen 102,355 millionar kroner

Universitetsbiblioteket 109.615 millionar kroner

Dei vitskaplege sentra 21,900 millionar kroner

Diverse fellesutgifter 138, 545 millionar kroner

Det akademiske kollegium skal vedta det endelege universitetsbudsjettet den 9. desember.


Innhold Neste Uniforum nr. 18 1997
Publisert 27. nov. 1997 14:15 - Sist endra 1. sep. 2014 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere