28 store prosjekt får no pengar til nye og oppdaterte laboratorium, utstyr, databasar og anna forskingsinfrastruktur. Til saman skal Forskingsrådet fordele 1,3 milliardar kroner. Dei har innvilga 20 prosjekt som skal etablere ny eller oppgradere etablert forskingsinfrastruktur. I tillegg får 8 forprosjekt midlar til å planlegge nye infrastrukturar.
– No styrker vi infrastrukturen for forsking over heile landet. Denne milliardtildelinga er avgjerande for å at Noreg skal lykkast med omstilling, nyskaping og innovasjon. Sterk og moderne infrastruktur er ein stadig viktigare føresetnad for at norske forskings- og innovasjonsmiljø skal hevde seg i den internasjonale konkurransen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Også administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit er nøgd.
– Norske forskingsmiljø, både i akademia og næringslivet, får på denne måten høve til å flytte forskingsfronten og styrke konkurransekrafta med tilgang til dei beste laboratoria, utstyra og databasane. Vi er veldig glade for no å kunne sette desse pengane i arbeid, seier ho.
Logg inn for å kommentere