Regjeringa føreslår ei løyving på 40 millionar til satsing på norske og samiske språkmodellar

FLEIRSPRÅKLEG: Samisk barnehage i Oslo har eit skilt både på fleire samiske språk, på norsk og i blindeskrift. 

Foto: Martin Toft

Regjeringa foreslår å løyve til saman 40 millionar kroner til trening, oppdatering og tilgjengeliggjering av norske og samiske språkmodellar. Modellane skal brukast i utviklinga av KI-baserte verktøy og tenester.

– Kunstig intelligens gjev moglegheiter vi som samfunn bør dra nytte av, men vi kan ikkje overlate utviklinga til store internasjonale tech-selskap åleine. Ei satsing på utvikling av nasjonale språkmodellar er nødvendig for at vi i framtida skal kunne kommunisere med maskinar som forstår norsk og samisk språk og kultur, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) i ei felles pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. 

Regjeringa foreslår at 20 millionar kroner går til Nasjonalbiblioteket, som skal trene, oppdatere og gjere tilgjengeleg språkmodellar som andre kan bruke til å utvikle KI-baserte verktøy. Vidare foreslår regjeringa at 20 millionar kroner skal gå til finansiering av reknekraft til trening av modellane, levert av det statlege tungrekneselskapet Sigma2 AS, som er eigd av Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.

Emneord: Språkpolitikk, Kunstig intelligens
Publisert 7. okt. 2024 14:58 - Sist endra 7. okt. 2024 14:58

Logg inn for å kommentere