Ingen ny streik i staten

FRIVILLIG NEMND: Leiar  i LO Stat Egil André Aas og resten av styret  seier ja til ei frivillig lønnsnemnd etter at fleirtalet av medlemane stemte mot meklingsresultatet. 

Foto: LO Stat

LO Stat har stemt ned meklingsresultatet, og  partane har i dag vorte samde om frivillig lønnsnemnd, skriv Riksmeklaren på sine nettsider. Det var NRK som først melde dette. Dermed blir det ikkje streik i staten.  Overfor VG forklarar leiaren for LO Stat  Egil André Aas kva dette inneber. 

– Uravstemninga enda med at medlemane sa nei til resultatet, noko me  tar på stort alvor. Likevel må vi også vurdere moglegheita  for kva vi vil oppnå ved ein streik sett opp mot det vi kan oppnå i ei frivillig nemnd. Vårt styre meiner det sistnemnde bør prøvast, seier  Egil André Aas til avisa. Om ikkje LO Stat hadde valt å prøva ei frivillig lønnsnemnd, ville medlemane i LO Stat ha gått til streik frå fredag 21. juni. 

 

Publisert 17. juni 2024 11:45 - Sist endra 17. juni 2024 11:45

Logg inn for å kommentere