Høgsterett skal behandla sjølvplagieringssaka frå Høgskulen i Innlandet. Det har ankeutvalet til Høgsterett bestemt. Ein student frå høgskulen blei frifunnen i lagmannsretten for skuldingar om plagiat fordi studenten hadde brukt ein tekst vedkomande sjølv hadde skrive i oppgåva si. Kunnskapsdepartementet anka avgjerda inn til Høgsterett, som no altså har bestemt seg for å behandla saka.
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel er nøgd med avgjerda. – Vi anka saka for å få avklart viktige rettslege spørsmål, og det får vi no gjort, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel til NRK.
Logg inn for å kommentere