Høgskolen i Innlandet blir i dag Universitetet i Innlandet

UNIVERSITET I  HEIMFYLKET: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum meiner Noreg treng eit desentralisert universitet som Universitetet i  Innlandet. I oktober besøkte han hovudstadsuniversitetet UiO. 

Foto: Martin Toft

Høgskolen i Innlandet blir universitet. Den nye institusjonen skal heite Universitetet i Innlandet (UINN), og blir det ellevte universitetet i Noreg. Universitetssøknaden blei i dag godkjend av Kongen i statsråd, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. 

– På vegner av regjeringa gratulerer eg både Innlandet som region, alle tilsette og studentar ved det nye universitetet. Dette er verkeleg ein merkedag. Innlandet får eit universitet som sikrar utdanning og forsking av god kvalitet, som satsar på livslang læring og berekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Finansministeren gratulerer Innlandet med ein stor dag:

– Universitetet i Innlandet har ein desentralisert campus-struktur, og bruker dei unike moglegheitene som finst i heile fylket vårt. Slike universitet treng vi. Det er eit klart mål for Senterpartiet og Arbeidarpartiet at folk skal kunne ta høgare utdanning i heile Noreg, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Publisert 8. nov. 2024 11:59 - Sist endra 8. nov. 2024 11:59

Logg inn for å kommentere