Frå nyttår vil eitt doktorgradsprogram vera nok for å bli universitet

LEMPAR PÅ KRAVA: – No legg vi til rette for at institusjonane kan dyrke sine særeigne kvalitetar, og ikkje bli dytta inn i same mal, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) som ei grunngjeving på kvifor regjeringa lempar på krava til å bli universitet. 

Foto: Tore Oksholen /Universitetsavisa

Regjeringa har no fastsett nye reglar for å få akkreditering som universitet. Frå neste år blir det krav om minst eitt doktorgradsprogram i staden for fire og det blir enklare for dei vitskapelege høgskulane å få opprykk til universitet. Endringane gjeld frå 1. januar 2025.

– Mangel på kompetanse kan dei neste åra bli eit alvorleg trugsmål mot velferd og verdiskaping i heile landet. Vi må kvalifisere ein større grad av befolkninga vår – og til det treng vi universitet og høgskular med eit breitt og spreidd tilbod. No legg vi til rette for at institusjonane kan dyrke sine særeigne kvalitetar, og ikkje bli dytta inn i same mal, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 

Dei nye reglane fekk brei støtte i høyringsrunden og vil gi krav som er meir i samsvar med dei som rår internasjonalt. Det er ingen andre land som har så detaljerte reglar for å kvalifisere som universitet som det Noreg har hatt.

Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2025. Institusjonar som er akkrediterte som høgskule, vitskapeleg høgskule etter dei reglane som gjaldt fram til 1. januar 2025, skal oppfylle krava innan 31. desember 2026. For dei institusjonane som allereie har søkt, betyr dette at søknadar som blir behandla etter 1. januar 2025, skal behandlast etter dei nye reglane.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskingspolitikk
Publisert 11. des. 2024 10:43 - Sist endra 11. des. 2024 10:43

Logg inn for å kommentere