Forskingsrådet tilrår regjeringa å auke den offentlege FoU-innsatsen til minst 1,2 prosent av BNP for å utløyse meir forsking og innovasjon av høg kvalitet for auka nasjonal tryggleik og rask omstilling. Det går fram av budsjettinnspelet frå NFR, som også tilrår å auke den konkurranseutsette delen av forskinga til 30 prosent.
– Både Draghi-rapporten og Perspektivmeldinga legg vekt på dei enorme omstillingsbehova vi står i og som vil bli endå større i framtida. I tillegg til store utfordringar for verdiskaping og konkurransekraft, står Noreg overfor eit nytt trussel- og risikobilete som er samansett og som grip inn i alle sektorar. Skal Noreg få til den nødvendige omstillinga raskt nok til å møte utfordringane, må den offentlege FoU-innsatsen over tid aukast til minst 1,2 prosent av BNP for å utløyse meir forsking og innovasjon av høg kvalitet for auka nasjonal tryggleik og rask omstilling, seier styreleiar i Forskingsrådet Gunnar Bovim i ei pressemelding.
– Verda er i endring og kunnskap er heilt avgjerande for at vi skal klare å møte dei utfordringane vi står overfor. Men då må vi heve ambisjonsnivået og satse på forsking og innovasjon, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør for Forskingsrådet.
Ein offentleg del på 1,2 prosent av BNP vil utgjere ein vekst på om lag 12 milliardar kroner samanlikna med gjennomsnittet for åra 2019–2023. Her er fleire endringar i utfordringsbiletet som viser at det er avgjerande å satse meir på forsking og innovasjon i Noreg:
- behova for FoU knytt til nasjonal tryggleik og beredskap er forsterka, med tilhøyrande behov for å utvikle eit heilskapleg forskingssystem for open, skjerma og gradert forsking
- målet om at næringslivets del av FoU-innsatsen skal vere 2 prosent av BNP
- behovet for auka kapasitet til tungrekning
- personellkrisa og utviklinga av offentleg sektor
- klima- og naturkrisa
Logg inn for å kommentere