Dag Rune Olsen har vore rektor ved UiT sidan 2021, og ønskjer seg altså ein ny periode, melder Khrono i dag. I dag hadde tilsetjingskomiteen møte, og kunne offentleggjera søkjarlista. Den mest kjente søkjaren er altså dagens rektor Dag Rune Olsen, som mellom 2013 og 2020 var vald rektor ved Universitetet i Bergen.
Olsen er den eine interne søkaren på lista, som for øvrig berre inneheld fire personar. Den andre interne er Torkjel Sandanger, som i dag er leiar for Institutt for samfunnsmedisin.
Professor ved Uppsala universitet, Anders Malmberg, er nestleiar for universitetsstyret og leier tilsettingskomiteen. Han er nøgd med søkarlista.
— Vi har fleire kvalifiserte kandidatar, og no ser eg fram til ein god og spennande prosess utover hausten, seier han til Khrono.
Avgjerda om kven som vert rektor ved UiT i perioden 2025 til 2029 vert tatt på Universitetsstyret sitt møte 27. november 2024, kjem det fram i ei pressemelding frå UiT.
Her er søkjarlista:
1. Fratazzi, Olimpia (33), kvinne, Italia
2. Chandran T, Reshma (33) kvinne, India
3. Olsen, Dag Rune (62), mann, Norge (intern)
4. Sandanger, Torkjel (52), mann, Norge (intern)
Logg inn for å kommentere