Akademika hadde siste opningsdag på UiO 1. november
Siste kapittel i Akademikas historie på Blindern er skrive ferdig. I dag stengjer bokhandelen dørene for godt.
BOKHANDEL STENGJER: Akademika hadde ope for alle siste gong i dag. Norli bokhandel overtar ansvaret for å selja bøker og anna materiell til studentar og UiO-tilsette frå januar neste år.
Foto:
Martin Toft
Den siste opningsdagen var fleire kundar innom for å skaffa seg bøker og andre varer for ein sterkt nedsett pris. No er det Norlis bokhandel som skal sørgja for at studentar og tilsette ved UiO får tak i dei bøkene dei treng. Norlis bokhandel vil halda hus i Frederikkebygningen, og ikkje i Kristian Ottosens hus, der Akademika har hatt lokala sine så lenge den har vore på Blindern.
BØKER PÅ SAL: Det var siste opningsdag for Akademika på Blindern i dag. Dei som var innom kunne få bøker til sterkt nedsette prisar. (Foto: Martin Toft)
Logg inn for å kommentere