I dag vel for få samisk i barnehage og skule, og for få tar samisk lærarutdanning og anna høgare utdanning, slår regjeringa fast i ei pressemelding.
– Vi vil styrke samisk språk og kultur i samfunnet. Da må vi få fleire til å velgje samisk i barnehage, skule og høgare utdanning. Vi må også gjere det lettare å bli samisklærar. Derfor vil regjeringa prioritere 15,6 millionar til å styrke det samiske i heile utdanningsløpet, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i en pressemelding i dag.
Også forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp) kjem til orde i pressemeldinga:
– Med denne satsinga bidrar vi til fleire og meir tilgjengelege studietilbod i samisk. Vi styrkar også fagmiljøa i universitets- og høgskulesektor, slik at det på sikt kan bli enklare å rekruttere fleire med samiskkompetanse, seier ho.
Betre fjernundervisning
Regjeringa foreslår å løyve 3 millionar kroner til å forbetre samisk fjernundervising. I dag får mange elevar over heile landet undervisning i samisk over skjerm, fordi det ikkje finnast nok samisk lærarar. Det er store forskjellar i tilbodet. Kunnskapsministeren ønskjer at fjernundervisninga skal bli eit betre tilbod.
Regjeringa vil også løyve 3,6 millionar kroner til å styrke Sametingets arbeid med språk og kultur i barnehage og skole. Dette er del av oppfølginga av stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv som ble lagt fram våren 2023, kjem det fram i pressemeldinga.
Styrkar samisk lærarutdanning
Mangelen på samisklærarar er ei stor utfordring, og rekrutteringa er lav til båe barnehagelærarutdanninga og lærarutdanninga.
For å snu utviklinga vil regjeringa løyve 4,5 millionar kroner til at Samisk høgskole og UiT–Noregs arktiske universitet skal komme i gang med å tilby samisk lærarutdanning til studentar over heile landet, og til å sørge for at alle som tar lærarutdanning kan velgje samisk som fag.
Løfter sør- og lulesamisk
Regjeringa vil også løyve 3 millionar kroner til å styrke fagmiljøa i sør- og lulesamisk ved Nord universitet. Unesco reknar språka som spesielt trua. Satsinga på å styrke fagmiljøa kan bidra til betre studietilbod, fleire brukarar av språket og betre rekruttering.
I tillegg foreslår regjeringa å løyve 1,5 millionar kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Det skal gå til etableringa av eit senter for samisk leksikografi. Eit slikt senter vil blant anna gjere det lettare å omsetje samiske tekstar og lærebøker.
Gratis skulemat på dei samiske vidaregående skulane
Regjeringa foreslår 0,5 millionar kroner til å innføre gratis skulemat ved dei to statlege samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino frå hausten 2024. Satstinga skal sørgja for at alle elevar på skulene får eit sunt måltid kvar dag, som kan bidra til å jamna ut sosiale forskjellar på kosthald og helse.
Les saka på Kunnskapsdepartementet si nettside
Logg inn for å kommentere