Språkrådet vil vurdera bøter for brot på språklova

Portrett av en kvinne

BØTER: Språkdirektør Åse Wetås vil at det skal vurderast å innføra bøter for institusjonar og etatar som bryt språklova.

Foto: Ola Gamst Sæther

Ikkje ei einaste av dei 31 verksemdene i kunnskapssektoren, som Språkrådet fører tilsyn med, tilfredsstilte i 2022 det lovpålagde kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål.

– Dette er pinleg for sektoren, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås til Khrono. Til avisa peikar ho på at det blir gitt dagbøter for brot på universell utforming. No ynskjer  ho å diskutere ein liknande modell for brot på språklova.

Tala viser at den manglande oppfyllinga av språklova  går hardast utover nynorskbruken. 

NTNU hadde berre 4 prosent nynorsk på nettsidene sine i fjor. På Universitetet i Oslo sine hovudnettsider var nynorskprosenten oppe i 13,9 prosent. Men ingen fakultet nådde over 10 prosent, og dei fleste var under 5, skriv Khrono. Aller dårlegast var Det medisinske fakultetet ein  nynorskprosent på 1,8. Språkrådet ber no om  eit møte med leiinga i Kunnskapsdepartementet for å drøfta brota på språklova i sektoren.

Emneord: Språk, Språkpolitikk
Publisert 26. apr. 2023 10:43 - Sist endra 26. apr. 2023 10:43

Logg inn for å kommentere