Kunstig intelligens, krisetider, klimaendringar, amerikansk politikk og teknologisk utvikling. Dette er tema som vann fram i konkurransen om midlar frå UiO:Demokrati. Totalt behandla styret 16 søknadar.
– Eg er først og fremst svært glad for at vi fekk inn så mange sterke søknadar også til denne utlysinga. Det viser at UiO:Demokrati stimulerer til kreativitet og nye samarbeid, seier direktør Tore Rem i ei sak som er publisert på nettsidene til UiO:Demokrati.
Frå 2024 vil det altså vere ni forskargrupper tilknytte satsinga.
– Dette blir fine supplement til forskargruppene vi allereie har, og vi gler oss til tida framover, seier Rem.
Dette er dei fem forskingsgruppene som får tildeling denne gongen:
"Experiencing American Democracy", Prosjektleiarar er Hilde Sandvik og Eirinn Larsen.
Forskargruppa skal undersøke utvekslingar mellom Skandinavia og Amerika på individ, samfunns- og organisasjonsnivå. Målet er å produsere nye forståingar av korleis og kvifor amerikansk demokrati framleis vekker mange kjensler i samtalar om politikk i Norden.
«The AI democracy research group» er leia av professor i psykologi Jonas R. Kunst og professor i medieinnovasjon Petter Brandtzæg. Denne gruppa skal forske på kunstig intelligens si rolle i demokratiske samanhengar.
«Design4Democracy» skal forska på forholdet mellom teknologi og demokrati. Prosjektleiar er Alma Leora Culén.
«Stakes of Democracy». Denne forskargruppa skal forska på krigar, økonomiske nedgangstider, klimaendring og demokrati. Prosjektleiar er Kristin Asdal.
«Democrisis» skal forska på klimakrisa. Mykje av forskinga tek utgangspunkt i spørsmål om når klimakrisa vil nå ulike vippepunkter – kor mykje det hastar og kva som er dei langsiktige konsekvensane. Prosjektleiar er Marius Mjaaland.
Der står meir om alle forskingsprosjekta på nettsidene til UiO:Demokrati.
Logg inn for å kommentere