Regjeringa vil sikre tilgang til høgare utdanning i heile landet, og styrkar finansieringa av fleircampusinstitusjonar. Rammeløyvinga blir auka med 200 millionar kroner til desentralisert og fleksibel utdanning, melder Kunnskapsdepartemetet i ei pressemelding.
– Det er meir kostbart å drifte eit universitet eller høgskule med fleire campus. For å sikre at vi har høgare utdanning i heile landet er det eit viktig grep å styrke finansieringa av desse institusjonane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).
Får over 200 millionar kroner meir i 2024
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til universiteta og høgskulane på 200 millionar kroner til desentralisert og fleksibel utdanning. Midlane blir fordelte etter ulike kriterium: i kor stor grad campusane når ut til ein del av befolkninga med dårleg tilgang til høgare utdanning, og i kor stor grad institusjonane tilbyr fleksibel og desentralisert utdanning utanfor dei faste campusane. Løyvinga skal gje rammevilkår som gjer det mogleg å utvikle regionale studietilbod vidare.
Les heile pressemeldinga på Kunnskapsdepartementet si nettside
Logg inn for å kommentere