Tjekkiske styresmakter melder om 14 døde, og i tillegg er gjerningsmannen død, skriv NRK med media i Tsjekkia som kjelder. Ei av avisene som skriv om det er iDNES. Skytinga skjedde på Jan Palach-plassen like framfor den gamle universitetsbygningen. Gjerningsmannen er student ved universitetet, og ein av dei drepne er faren hans, skriv NRK.
Statsminister Petr Fiala er på besøk aust i landet, og har no avbrote turen, og er i ferd med å venda tilbake til hovustaden Praha. Det norske utanriksdepartementet har så langt ikkje fått melding om at norske statsborgarar har blitt ramma, skriv NRK.
(Saka blei oppdatert med nye dødstal klokka 18:09)
Logg inn for å kommentere