Nesten 7000 russiske forskarar protesterer mot åtaket på Ukraina

Nesten 7000 russiske forskararar og akademikarar kritiserer Russlands militære åtak på Ukraina. Kritikken blir framført i eit ope brev til president Vladimir Putin, melder både nyhendebyrået Ritzau og AFP.  Det er gjengitt av den tyske forskingsinstitusjonen Deutsches Zentrum für Herz-Kreislauf-Forschung E.V. –  Me, russiske forskarar og forskingsjournalistar, protesterer kraftig mot den militære invasjonen av Ukraina, som er sett i gang av russiske styrkar. Me er overtydde om at ingen geopolitiske interesser kan rettferdiggjera død og blodsutgyting, står det i brevet.  Alle dei som har skrive under på brevet risikerer no bøter eller å bli sende i fengsel, melder nyhendebyråa.

Emneord: Russland, Ukraina
Publisert 4. mars 2022 10:47 - Sist endra 4. mars 2022 10:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere