Fekk Utdanningskvalitetsprisen for app med rettleiing av sjukepleiarstudentar

Lovisenberg diakonale høgskule fekk Utdanningskvalitetsprisen 2022 for sitt arbeid med appen TOPP-N. Dette er ei løysing for rettleiing og vurdering av sjukepleiestudentar i praksis. TOPP-N skal gjere det enklare å vurdere fagleg utvikling i forhold til læringsutbytte, og rettleiinga kan enklare tilpassast studentane sine behov og kompetanse, står det i ei  pressemelding.

Forsking- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe offentleggjorde vinnar av prisen onsdag 20. april, under konferansen Utdanningskvalitet og digital omstilling 2022. 

- Gratulerer til Lovisenberg diakonale høgskule med vel fortent pris! Eg håpar og trur at dette kan være til inspirasjon for andre, sa ministeren. 

Emneord: Studentsaker, Utdanning
Publisert 20. apr. 2022 13:12 - Sist endra 20. apr. 2022 13:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere