California-universitet betaler ut 2,4 milliardar i erstatning for seksuelle overgrep

203 kvinner får utbetalt over 2,4 milliardar kroner frå University of California, Los Angeles (UCLA) etter å ha vore offer for seksuelle overgrep frå ein lege som var knytt til universitetet. Det melder både The New York Times og BBC

Legen James Heaps behandla mange kvinner, mange av dei var kreftramma,  og 203 av dei får no utbetalt 2,4 milliardar kroner frå UCLA. Tidlegare har 5000 av pasientane hans gått til sivilt gruppesøksmål mot legen for ulike overgrep. Den saka enda med at universitetet måtte utbetala 730 millionar kroner i erstatning.  600 kvinner forlet tidleg det gruppesøksmålet, og gjekk til ei separat sak mot legen. Det er 203 av dei som no får den siste erstatninga.

Det er også tatt ut ei kriminell stemning mot James Heaps, og han er skulda for 21 tilfelle av seksuelt misbruk mot sju kvinner under medisinsk behandling, melder både BBC og The New York Times. Gjennom advokaten sin nektar James Heaps for å ha gjort det han er skulda for, og han håpar at ein straffedomstol vil frikjenna han. 

Det har vore fleire liknande tilfelle i USA dei siste åra.

I mars i fjor kunngjorde University of Southern California at det ville  betala ut 11 milliardar kroner til offer for overgrep utførte av ein gynekolog tilsett på universitetet, medan Michigan State University  i mai 2018 betalte 5 milliardar kroner til dei som var blitt utsette for seksuelle overgrep frå legen Lawrence G. Nassar. Og for ein månad sidan kom det ei kunngjering frå University of Michigan om at det universitetet ville betala ut 4,9 milliardar kroner til 1000 personar som var blitt misbrukte av ein for lege som hadde vore tilsett på universitetet, og som døydde i 2008. 

Emneord: kriminalitet, USA
Publisert 9. feb. 2022 14:14 - Sist endra 9. feb. 2022 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere