Breiare opptakskrav til lærarutdanninga
Frå våren av vert det to alternative vegar til lærarutdanninga. No må søkarar enten ha minst 40 skulepoeng og karakteren 3 i matematikk og norsk, eller minst 35 skulepoeng, 3 i norsk og 4 i matematikk. Målet er at alle lærarar i norsk skule skal ha lærarutdanning.
– Noreg treng fleire lærarar. Med denne endringa femner opptakskrava breiare og gir fleire kvalifiserte søkarar. Vi skal framleis stille høge krav til dei framtidige lærarane våre, men utan å stenge ute søkarar som har høge karaktersnitt, og har styrken sin i andre fag enn matematikk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere