UiB jobbar med å få heim 15 medisinstudentar etter ebolautbrot

Helstestyresmaktene i Uganda melder om eit pågåande ebolautbrot i landet. 

Universitetet i Bergen har 15 studentar som er i praksis på eit sjukehus i hovudstaden Kampala, melder NRK. 

– UiB har vore i kontakt med studentane. Ingen er smitta, dei har det bra, men som eit førebyggande tiltak jobbast det med å få dei heim, seier dekan ved Det medisinske fakultet, Per Bakke til NRK.

Publisert 22. sep. 2022 10:25 - Sist endra 22. sep. 2022 10:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere