Postdoktorstillingar får minimumsperiode på 3 år

Regjeringa vil gjere det tydeleg at ei postdoktorstilling skal gje eit reelt høve til å kvalifisere seg til ein vitskapeleg stilling. Den skal gi rom for å utvikle ein sjølvstendig forskarprofil og relevant kompetanse for ein vitskapeleg karriere, og bidra til å redusere bruken av mellombelse tilsetjingar, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. For å få til det, ønsker regjeringa å auke minimumsperioden frå to til tre år. Det går fram av regjeringa sin nye strategi som skal sørgja for at forskartalenta får mest mogleg nytte av ei doktorgradsutdanning. I strategien vert det også føreslått å revidere føreskriftene for vitskapleg tilsettjng under universitets- og høgskulelova. Dei må bli oppdaterte slik at kompetansekrava heng logisk saman, går det fram av pressemeldinga.  Arbeidet med profesjonalisert karriererettleiing for unge forskarar, skal også styrkjast. 

Emneord: Doktorgrader, Forskningspolitikk
Publisert 23. sep. 2021 10:00 - Sist endra 23. sep. 2021 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere