Mekling på overtid i statsoppgjeret

Det er mekling over ti timar på overtid mellom Unio og staten. Det går fram av både nettsidene til Unio og nettsidene til Riksmeklaren.  Også i oppgjeret mellom Unio og Oslo kommune held meklinga fram. Om det blir brot  i meklinga, vil Unio ta ut medlemar på UiO i streik. Så langt blir Unio-medlemar både i staten og i Oslo kommune bedne om å gå på jobb som vanleg. Både LO, Akademikarane og YS har klart å få mekla fram ein avtale i kommuneoppgjeret, melder NRK.  Men dei er framleis med i meklinga i statsoppgjeret. Uniforum kjem tilbake med meir straks det skjer noko nytt i meklinga i statsoppgjeret.

Emneord: Lønn/lønnsforhandlinger
Publisert 27. mai 2021 10:51 - Sist endra 27. mai 2021 12:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere