Finn-Eirik Johansen fekk tildelt Darwin-prisen

– Du har gjort ein fantastisk jobb med å fremja evolusjonærbiologien. Det sa professor Nils Chr. Stenseth då han fredag overrekte Darwin-prisen til professor Finn Eirik Johansen ved Institutt for biovitskap.

PRISUTDING: Nils Chr. Stenseth deler ut Darwin-prisen til professorkollega Finn-Eirik Johansen. (Skjermdump frå Darwin Day)

Det var under Darwin-dagen på UiO professor Nils Chr. Stenseth kunne heidra professorkollegaen Finn-Eirik Johansen med ein Darwin-pris.

 – Eg føler meg som Obama då han fekk fredsprisen, at eg får prisen for det som dei håpar eg skal gjera og ikkje for det eg har gjort, sa ein beskjeden Finn-Eirik Johansen.

Han vedgjekk at han hadde støtta ein del forskingsprosjekt i regi av Senter for økologisk og evolusjonær syntese  (CEES)då han var prodekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Eg har fått sett nokre prosjekt i gang og for kort tid sidan fekk me ei tildeling til eit tverrfagleg forskingsprosjekt som har med evolusjonærbiologi i porteføljen sin. Så eg gjer meg kanskje fortent til prisen for at eg prøver å setja i gang prosjekt i evolusjonærbiologi, sa Johansen. 

Stenseth meinte at Johansen var altfor smålåten.

– Det står i statuttane for Darwin-prisen at det handlar om å støtta evolusjonærbiologien direkte eller indirekte. Du har gjort ein fantastisk jobb for å støtta evolusjonærbiologisk forsking, studiar og praksis ved dette universitetet, slo Stenseth fast.  

Publisert 12. feb. 2021 16:14 - Sist endra 12. feb. 2021 16:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere