Dag Rune Olsen er engasjert i 15 prosent stilling som seniorrådgjevar ved UiT frå 1. februar og fram til han byrjar i rektorstillinga 1. august i år. Det melder Universitetet i Tromsø i ei melding på nettsidene sine. Som påtroppande rektor skal Dag Rune Olsen vere inkludert i arbeidet med å innføra einskapleg leiing, og difor er han no engasjert i 15 prosent stilling som seniorrådgjevar. Han vil få lønnssteg 80, som tilsvarar 817 000 kroner om det hadde vore ei full stilling, melder UiT.
Dag Rune Olsen engasjert som seniorrådgjevar ved UiT
Publisert 28. jan. 2021 17:40
- Sist endra 28. jan. 2021 17:40
Logg inn for å kommentere