Åse Wetås får nytt åremål i Språkrådet

Bilete av ei kvinne med briller

FORNYA: Åse Wetås får fornya åremålet i Språkrådet med seks nye år. 

Foto: Ola Sæther

Åse Wetås har vore direktør i Språkrådet frå desember 2015 og er no tilsett for ein ny åremålsperiode på seks år. – Eg er glad for at Åse Wetås har takka ja til ein ny periode som direktør i Språkrådet. I april vedtok Stortinget ei ny språklov. Språkrådet skal bidra til at lova blir etterlevd, og at språkpolitikken blir følgt opp som sektorovergripande politikkområde. Åse Wetås har solid fagleg kompetanse og erfaring som gjer at ho er rett person til å leie dette viktige arbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja i ei pressemelding frå Kulturdepartementet. 

Åse Wetås (f. 1972) er dr.art. i nordisk språkvitskap. Ho var prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014 frå 2008, før ho vart tilsett som direktør i Språkrådet i 2015.

Publisert 30. juni 2021 11:03 - Sist endra 30. juni 2021 11:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere