UiO er nummer seks i Norden på ny rangering

Universitetsplassen i Oslo

113 I VERDA: UiO ligg som nummer 113 i verda og som nummer seks i Norden på ny rangeringar over dei 1000 beste universiteta

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo er nummer seks i Norden og på topp i Noreg på den siste rangeringa frå QS World University Ranking, melder Khrono.  Det er fire norske universitet på lista, der UiO ligg som nummer 134 i verda, Universitetet i Bergen som nummer 194, medan NTNU ligg som nummer 360 og Universitetet i Tromsø som nummer 416.  I fjor var UiO nummer 142 på denne lista, og har dermed gått opp 29 plassar.  I 2014 var UiO på 89.-plass på rangeringa. 

Det er Massachusetts Institute of Technology som inntar førsteplassen i verda, medan det er University of Oxford som ligg på topp i Europa. Det gir det ein femteplass i verda.  Det blir tett fylgd av ETH Zürich som ligg som nummer seks i verda, og er det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda.

 I Norden er det Københavns Universitet som skårar høgast, men både Helsingfors universitet, Lunds universitet og Kungliga tekniska høgskolan gjer det betre enn UiO på denne rangeringa, melder Khrono.

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering
Publisert 15. juni 2020 13:17 - Sist endra 15. juni 2020 13:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere