Tre ny avtalar om open publisering i boks
No er det forhandla fram til saman åtte avtalar om open publisering. Det opplyser Unit (Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning) i ei pressemelding. Dei tre siste avtalane som er forhandla fram, er mellom anna med eitt av dei største forlaga innan vitskapeleg publisering; britiske Sage Publishing. Avtalar er òg på plass med Cambridge University Press og American Chemical Society.
- Sage Publishing: Publisering i 1083 tidsskrift, hovudsakeleg innan humaniora og samfunnsvitskap
- Cambridge University Press: Publisering i 360 tidsskrift innan dei fleste fagområde
- American Chemical Society: Publisering i 63 tidsskrift, hovudsakeleg innan kjemi
Publisert 25. mars 2020 11:57
- Sist endra 25. mars 2020 11:57
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere