Skandalekirurgen Macchiarini vert tiltalt for grov mishandling

Ein mann viser fram to syntetiske luftrøyr

UTVIDA TILTALE: Den svenske påtalemakta har utvida tiltalen mot kirurgen Paolo Macchiarini for grov mishandling. (Arkivfoto)

Foto: Karolinska Institutet

Tiltalen mot kirurgen Paolo Macchiarini vert utvida frå grov kroppsskade til grov mishandling.Tre av pasientane hans døydde etter at dei hadde fått  operert inn syntetiske liuftrøyr på Karolinska universitetssjukhuset i Stockholm, melder SVT Nyheter Ifylgje aktor Mikael Bjørk har inngrepa blitt gjennomførte utan lovleg heimel og dei skal derfor reknast som grov mishandling som Macchiarini bør bera det strafferettslege ansvaret for.

I avhøyr har Macchiarini gitt politiet delvis grunn til mistanke om grov mishandling i tre tilfelle, noko han sjølv nektar for. Han har også nekta for ting som han tidlegare er mistenkt for å stå bak, melder SVT Nyheter og fleire andre svenske media  i dag. 

• Les også: Dokumentasjonen til Macchiarini-granskningen har forsvvunnet

Emneord: Macchiarini, Etikk. Medisin
Publisert 29. sep. 2020 17:51 - Sist endra 29. sep. 2020 17:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere