NRK viser konsertfilm med Leif Ove Andsnes frå Baroniet Rosendal

Ein mann spelar flygel med musikarar rundt

ANDSNES PÅ BLINDERN: Leif Ove Andsnes heldt konsert på Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus i mars 2007. I kveld kan du høyra han og musikarvennene hans frå Baroniet Rosendal på NRK 2.  (Arkivfoto) 

Foto: Ola Sæther

I kveld viser NRK 2 ein konsertfilm med Leif Ove Andsnes og musikarvennene hans frå  Baroniet Rosendal.  Opptaket blei gjort den andre veka i august i fjor og er eit plaster på såret for Kammermusikkfestivalen som blei avlyst i år på grunn av korona. Det opplyser Leif Ove Andsnes i eit skriv som NRK publiserer i samband med programmet.  Det er filmskapar Magnus Lysbakken som står bak produksjonen, medan musikkjournalist Arild Erikstad i NRK er programleiar. 

Dagleg leiar Anne Grete Honerød ved Baroniet Rosendal er svært glad for dette: 

– Magnus Lysbakken har vore sesongarbeidar hos oss i mange år. Han er filmutdanna, og det er veldig kjekt at hans arbeid blir vist på NRK. At deler at festivalprogrammet som skulle visast likevel kjem ut til heile landet, er me veldig glade for. Det er absolutt nyttig marknadsføring av Baroniet og kammermusikkfestivalen, seier ho til lokalavisa Grenda. Programmet vert vist på NRK 2 klokka 19.45 i kveld, sundag 11. oktober.  

Emneord: Kultur, Musikk
Publisert 11. okt. 2020 13:28 - Sist endra 11. okt. 2020 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere