København Universitets tilsette kan venda tilbake på måndag

Ein stor universitetsbygning i København sentrum

OPNAR IGJEN: Københavns Universitets tilsette kan no venda tilbake igjen på kontora sine frå 15. juni etter at den danske regjeringa har opna for det. 

Foto: Tor H. Monsen/Universitetsavisa

Københavns Universitets tilsette kan begynna å bruka arbeidsplassen sin på universitetet frå måndag. Det er klart etter at det danske justisdepartementet har opna for at alle offentlege tilsette aust for Storebælt , altså på Sjælland, år lov til å venda tilbake på kontoret frå og med med 15. juni, melder Universitetsavisen i København.  Fram til no har berre tilsette med kritiske funksjonar og forskarar som  har hatt behov for å vera fysisk til stades, fått opphalda seg på Københavns Universitet. Dei offentlege  tilsette vest for Storebælt fekk lov til å venda tilbake til arbeidsplassane sine allereie den 27. mai. 

Emneord: Koronavirus, Danmark
Publisert 12. juni 2020 10:00 - Sist endra 12. juni 2020 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere