Dag O. Hessen er tildelt to Brageprisar

TO BRAGEPRISAR: Biologiprofessor Dag O. Hessen innkasserte både prisen for beste sakprosabok og heidersprisen for 2020 då Brageprisane blei delte ut i går. (Arkivfoto)
Biologiprofessor Dag O. Hessen frå UiO blei tildelt både heidersprisen for 2020 og prisen for beste sakprosabok då Brageprisane i litteratur blei kunngjort i går kveld. Dag O. Hessen får heidersprisen for den lange karrieren som sakprosaforfattar der han i gjennomsnitt har gitt ut ei bok i året. Det blir vist til at han i år både har gitt ut ei barnebok om insekt for barn i tillegg til ei bok om klimaendringane.
Og det er nettopp det siste temaet boka "Verden på vippepunktet", Res Publica, handlar om. Og den gjer at Dag O. Hessen også kan hanka inn Brageprisen for den beste sakprosaboka i 2020.
I grunngjevinga for å gi prisen til Dag O. Hessen skriv juryen: "Hessen informerer om situasjonen frå biologens ståstad og freistar å nærme seg svar på kor ille det kan bli, kva veg det kan vippe når økosystema og planeten reagerer på vår framferd. Han er ein meisterleg formidlar som klarar å gjere ein fagleg tung tematikk forståeleg for dei aller fleste, og få oss til å forstå alvoret i situasjonen i enda større grad enn før. Verden på vippepunktet er ei balansert, tankevekkande og velskriven bok om ei særs presserande sak, ei bok så viktig at ein gjerne vil at alle skal lese henne."
Brageprisane blei i år kunngjort på eit digitalt arrangement på grunn av koronasituasjonen i hovudstaden.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere