Det er neppe tilfeldig kven som vinn mest i vinlotteriet. Heldiggrisen har fem prosent sjanse for å vinna tre av seks gonger dersom det deltar seks personar. Vinnarsjansen er altså 1 av 20. Det konstaterer Apollon-journalist Yngve Vogt som no har gitt ut boka "Tilfeldig? ! Neppe!". I formiddag blei boka lansert på Realfagsbiblioteket på UiO, seks månader etter planen. Den gongen var det koronapandemien som stakk kjeppar i hjula for forlaget Spartacus og forfattaren, og difor blei boka først lansert i dag.
I boka tar Yngve Vogt føre seg både milliarddyre springfloer i Bergen og framtidas klimaendringar. Men han ser også på kor tilfeldig det er at blant nokre av dei som får beskjed om at dei er sjuke, likevel finst ein god del friske og vice versa.
Sjølv gir han honnør til alle forskarar på og utanfor Universitetet i Oslo som han har intervjua i arbeidet med boka. Og i etterordet trekkjer han også fram botanikaren Charlotte Sletten Bjorå. Grunnen er at ho inspirerte han til tittelen på boka ved å seia at folk kunne delast inn i to grupper; dei som trur på at noko er tilfeldig og dei som ikkje gjer det.
Rundt 20 personar deltok på arrangementet.
Logg inn for å kommentere