76 NHH-studentar er smitta av Covid-19 i dag tysdag 1. september, melder Noregs Handelshøgskule i ei pressemelding. Fysisk undervisning er stengt til og med fredag 11. september. Studentar vert oppmoda om å jobbe heimanfrå, men NHH-campus vert ikkje stengt. 18 NHH-studentar er melde smitta siste døger.
NHH-leiinga har tett dialog med smittevernkontoret. Smittevernkontoret driv smittesporing og varslar nærkontaktar til alle studentane. Dei smitta studentane er i isolat, medan nærkontaktane vert sette i karantene, står det i pressemeldinga.
Logg inn for å kommentere