18 nye koronasmitta ved NHH denne veka

Totalt er 172 studentar meld smitta sidan semesterstart. 18 av desse er meld dei to siste døgna, melde Noregs Handelshøgkule i ei pressemelding i går.  Ingen tilsette er meld smitta.

– Vi vurderer om vi skal iverksetje tiltak utover det som allereie er gjeldande, seier prorektor for utdanning, Malin Arve.

– I samråd med Smittevernkontoret vil vi i første omgang varsle studentane om at dei smitta har vore på campus, og at studentane må halde seg strengt til smittevernråda. Vidare bør studentane ha låg terskel for å  teste seg og følgje ekstra med på om dei kjenner symptom, seier Arve.

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset
Publisert 23. okt. 2020 10:29 - Sist endra 23. okt. 2020 10:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere