Ungarn-studentane tapte mot staten

Dei 163 psykologistudentane som hadde tatt studiet ved ELTE-akademiet i Ungarn tapte rettssaka mot staten, melder Khrono.  Avslagsvedtaka som studentane har fått på sine søknader om lisens og autorisasjon i Noreg er gyldige, konkluderer dommareren, ifylgje avisa.

I 13 år før desse 163 studentane blei uteksaminerte, fekk studentar med master i klinisk- og helsepsykologi frå ELTE-universitetet godkjent utdannninga og fekk lisens til å arbeida som psykologar i Noreg. Vilkåret var at dei dei første åra måtte jobba under rettleiing på lisens, før dei kunne bli autoriserte psykologar. I 2016 endra Helsedirektoratet praksis etter å ha fått nye opplysningar frå ungarske styresmakter. Ingen av studentane frå ELTE-akademiet fekk dermed lisens og autorisasjon  i Noreg. Det var denne endringa studentane gjekk til sak mot staten for å endra, men no har dei altså tapt søksmålet. Dermed vil endringa stå fast.

 

Publisert 11. nov. 2019 14:24 - Sist endra 11. nov. 2019 14:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere