Regjeringa opnar for at fattige studentar kan studera i Noreg att

Fattige studentar frå utviklingsland kan på nytt koma til Noreg for å studera gratis, melder Vårt Land. Det er klart etter at Kristeleg Folkeparti har fått gjennomslag for dette i budsjettforhandlingane med dei andre regjeringspartia. Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har auka budsjettet til Partarskapsprogram for globalt økonomisk samarbeid (Norpart) frå 40 millionar  i 2019 til 70 millionar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2020. – Dette er verkeleg god bistand. No kan dei på nytt koma hit til landet og få etterspurt utdanning på masternivå, seier parlamentarisk leder Hans Fredrik Grøvan i KrF  til Vårt Land.

Kvoteordninga for studentar frå utviklingsland blei lagt ned av regjeringa i 2016. Til saman er 39 land inkluderte i ordninga, går det fram av nettsidene til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku).

Emneord: Afrika, Asia, Latin-Amerika, Utviklingsland, Utviklingshjelp, Internasjonalisering
Publisert 1. nov. 2019 11:28 - Sist endra 1. nov. 2019 11:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere