Kan verta nyval ved Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen sitt reglement seier at det skal vera nytt val dersom rektor går av. Det betyr at det kan verta nytt val allereie neste år, eitt år før tida, dersom Dag Rune Olsen går av, skriv Khrono

Olsen har som kjent søkt stillinga som rektor ved NTNU. Han står på søkjarlista saman med åtte andre, etter at Aalborg-rektor Per Michael Johansen trekte seg. To av søkjarane er unntatt offentlegheit, tre andre er interne søkjarar - konstituert rektor Anne Borg, dekan Monica Rolfsen og professor og prodekan Tor Grande. I universitets- og høgskulelova heiter det at dersom det er meir enn eitt år att av ein rektor si funksjonstid, så skal ein tilsetja eller velja ein ny, skriv nettavisa Khrono.

Publisert 31. okt. 2019 16:51 - Sist endra 31. okt. 2019 16:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere