Riksantikvar Hanna Geiran har sagt seg inhabil i alle enkeltsaker som har å gjera med ombygginga av Brøggers hus ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet er derfor oppnemnt som setteriksantikvar. Det har Klima- og miljødepartementet bestemt, står det i eit brev datert 8. august.
Grunnen til at Hanna Geiran har sagt seg inhabil, er at ho er sambuar med ein av eigarane i 4 B Arkitekter AS. Selskapet inngår i prosjekteringsteamet for ombygginga, går det fram av eit brev frå Klima- og miljødepartementetet. Direktoratet for kulturminneforvaltning er forvaltningsmakt i saker etter kulturminnelova som gjeld det freda Brøggers hus på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.
Logg inn for å kommentere