To UiO-forskarar nominerte til Bragepris

NOMINERT: Fysikaren Anja Røyne frå UiO er nominert til Bragepris for boka Menneskets grunnstoffer.

Foto: Ola Sæther

Dei to UiO-forskarane Anja Røyne og Katharina Vestre er begge nominerte til Brageprisen i Open klasse: populærvitskap for vaksne og barn/ungdom.Fysikaren Anja Røyne er nominert for boka Menneskets grunnstoffer, Kagge Forlag, medan biologen Katharina Vestre er nominert for boka Det første mysteriet, Aschehoug. Det går fram av nettsidene til Brage Den norske Bokprisen. Også professor i bevaringsbiologi, Anne Sverdrup Thygeson frå NMBU er nominert for boka Insektenes planet, J.M. Stenersens forlag. Den fjerde nominerte boka i denne klassen er Grønne greier – om natur og miljø og sånn, Ena – et imprint i Vigmostad & Bjørke. Forfattarane er Aftenposten-journalisten Ole Mathismoen og Jenny Jordahl. Brageprisen blir delt ut på Dansens hus i Oslo den 22. november klokka 17:30.

Emneord: Litteratur, Kultur, Fysikk, Biologi
Publisert 1. nov. 2018 15:16 - Sist endra 1. nov. 2018 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere