Norce-tilsette mistar millionar i pensjon

Mellom 40 og 50 tilsette i Norce, som tidlegare var tilsett i Uni Research, har hittil hatt ein ytingspensjonsordning. No er dei flytta over til innskotspensjonen til Norce, som gir dei tilsette eit innskot på sju prosent for inntekt opp til 7,1 G (ca. 690 000 kroner), og 16 prosent for inntekt mellom 7,1 G og 12 G (690 000 og 1 160 000 kroner).

– For folk som har Norce som hovudarbeidsgivar får dette store konsekvensar, fortel forskingsleiar Dag Arne Christensen til På Høyden.

Han er ein av underskrivarane på eit brev til Norce, som er sterkt kritisk til måten det nye selskapet har handtert pensjonsspørsmålet på.Sjølv vil han få utbetalt 100 000 kroner mindre per år som pensjonist på grunn av omlegginga, men rundt halvparten av pensjonsbortfallet har han og dei andre fått kompensert i form av høgare lønsutbetaling.

Publisert 22. okt. 2018 09:40 - Sist endra 22. okt. 2018 09:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere