Natalia Zubillaga kan bli leiar for LO i Oslo

NY LEIAR FOR LO I OSLO? Natalia Zubillaga, som er konstituert leiar for NTL UiO, er lansert som leiarkandidat for LO i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Konstituert leiar for NTL ved UiO, Natalia Zubillaga er lansert som kandidat til å bli ny leiar for LO i Oslo, melder Fagbladet. Kandidaturet hennar er fremja av Norsk tenestemannslags fylkeslag i Oslo, medan motkandidaten Lasse Kristiansen, er leiarkandidaten Fagforbundet har lansert og stiller seg bak. Han får støtte frå Fellesorganisasjonen, Creo og Skolenes Landsforbund.  NTL argumenterer for Natalia Zubillaga med at det er på tide at LO i Oslo får ein kvinneleg leiar etter over 20 år med ein mann i leiarvervet. Den som blir vald til ny leiar for LO i Oslo, vil etterfylgja Roy Kristiansen som går av i mars neste år.

Publisert 29. nov. 2018 11:21 - Sist endra 29. nov. 2018 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere