Sakna UiB-student funnen død

UiB-studenten Ommund Veim Eikje er funnen omkomen i Avignon. Ifølge familien er det ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for ei kriminell handling. 

Eikje er funnen død ved det gamle historiske festningsverket i Avignon.

– Dette var ein populær stad å ta bilete for turistar. Ommund må ha falle utanfor stupa. Han blei tilfeldigvis funnen av nokre arbeidarar i området. Vi har ingen grunn til å tru at det er noko anna enn ei ulukke, seier Ove Eikje, talsmann for familien til nrk.no, ifylgje På Høyden.

Emneord: Frankrike, Studentforhold
Publisert 22. sep. 2017 09:33 - Sist endra 22. sep. 2017 09:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere