Lagnaden for klinikkane på Psykologisk institutt blir avgjort om ei veke

Psykologisk institutt får endeleg avgjort spørsmålet om framtidig modell for klinikk og praksis. Det skjer når saka skal til handsaming i universitetsstyret 13. mars.

ENDELEG AVGJERD: Tysdag 13. mars vedtar universitetsstyret den endelege modellen for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt.

Foto: Ola Sæther

Tidlegare har både styret ved Psykologisk institutt og fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet gått inn for å leggja alle studentklinikkane for vaksne internt på Psykologisk institutt. Når det gjeld Barne- og familieklinikken skal den halda fram med å driva som før i samarbeid med Nic Waals Institutt fram til det er gjennomført ei nærare organisering av denne klinikken.

Førte til uro

Det var eit forslag om å flytta klinikkane ut, samtidig som klinikkane blei stengde av UiO på grunn av dei ikkje blei drivne i samsvar med gjeldande lovverk, som førte til stor uro både blant studentar og tilsette på instituttet i oktober i fjor.

• Les  i Uniforum: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt

Etter at ein intern rapport konkluderte med at Psykologisk institutt ville vera best tent med å ha klinikkane internt, har instituttleiar Pål Kraft og instituttstyret støtta tilrådinga. Det same har altså dekan Nils von der Fehr og fakultetsstyret ved SV-fakultetet gjort.

  • Les i Uniforum: Psykologisk institutt vil ha alle vaksenklinikkane på huset

Dermed er det truleg at universitetsstyret kjem til å fylgja innstillingane frå dei to underliggjande styringsinstansane. Førebels ligg det ikkje føre noko endeleg framlegg til vedtak frå universitetsdirektør Gunn –Elin Aa. Bjørneboe til universitetsstyret. Den er ikkje klar før seinare denne veka.

Tilset nye direktørar

Universitetsstyret skal også tilsetja direktør for UiO: Energi og direktør for UiO: Livsvitskap. Begge tilsetjingane skjer bak stengde dører.

Av andre vedtakssaker er det den som handlar om administrativ forbetring og digitalisering som er den mest interessante. Denne prosessen eller planen skal ta utgangspunkt i røynslene med Internt handlingsrom (IHR).Det skal gjerast i nært samspel mellom administrasjonen sentralt, kvart einskild fakultet og grunneiningane, går det fram av bakgrunnsnotatet. Det skal også klargjerast roller og ansvar for å få gjennomført dei føreslegne tiltaka.

Prosessen skal bidra til å effektivisera administrative prosessar og styrkja rammene for forsking og undervisning, heiter det. Mykje av dette har samanheng med at UiO i løpet av dei komande åra skal skifta ut eller fornya avtalane med leverandørar av system for sakshandsaming og arkiv, men også for økonomi og lønnsnær HR, heiter det i bakgrunnsnotatet.

Skal diskutera UiOs økosystem for innovasjon

Det blir ein hovuddiskusjon på møtet. Den dreiar seg om kunnskap i bruk, som handlar om innovasjonsarbeid ved UiO. Medan det tidlegare har handla mykje om innovasjonsløftet, skal diskusjonen i styret denne gongen også handla om UiOs økosystem for innovasjon og den globalt orienterte livsvitskapshovudstaden Oslo, går det fram av styrepapira.

Ei viktig orienteringssak handlar om Masterplan for universitetet sin IT. Det er allereie etablert ei arbeidsgruppe leidd av dekan Sten Ludvigsen på Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Den skal sjå på alle sider av infrastrukturen for IT ved UiO, og leggja fram ein endeleg Masterplan for universitetet sin IT som skal opp som vedtakssak i styret i desember.

Styret vil også få Universitetssamarbeidet BOTT – samarbeid om administrative system, opp som ei orienteringssak. I tillegg vil både Universitetet i Oslo og Eining for intern revisjon leggja fram årsrapportane sine for 2017.

Styremøtet blir som vanleg halde i Professorboligen i sentrum. Det startar klokka 10.00 og varer fram til klokka 17.00. Møtet blir strøyma både frå Uniforums og UiOs nettsider.

Dette er den fullstendige saklista for møtet i universitetsstyret 13.mars 2018:

Møte nr. 2/2018 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 2/2018 i universitetsstyret 13. mars 2018 10:00 - 17:00, Professorboligen, Karl Johans gate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 1/2018

Protokoll godkjent på sirkulasjon.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Riksrevisjonen informerer om sitt arbeid og funn i revisjonen


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Kunnskap i bruk: Innovasjonsarbeid ved UiO

Saksnr. 2015/15279

Saksdokumenter:


Vedtakssaker


V-SAK 3 Årsrapport 2017 inkl. avlagt årsregnskap 2017

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  1. UiOs Årsrapport for 2017, inkl. årsregnskap for UiO, vedtas med de endringer som kom fram under møtet.
  2. Universitetsdirektøren gis fullmakt til å ferdigstille dokumentet.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Virksomhetsrapport 3. tertial 2017 for Universitetet i Oslo

Saksnr. 2017/11242

Forslag til vedtak:

  1. Styret tar virksomhetsrapporten for 3.tertial 2017 til etterretning.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 2 Tildelingsbrev 2018 fra Kunnskapsdepartementet

Saksnr. 2017/1151

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 2 Årsrapport 2017 Enhet for intern revisjon

Saksnr.

Saksdokumenter:


Diskusjonssaker


D-SAK 3 Masterplan for universitetets IT

Saksnr.

Saksdokumenter:


Ordinære saker


V-SAK 5 Administrativ forbedring og digitalisering – forslag til prosess

Saksnr. 2018/3305

Forslag til vedtak:

  • Styret vedtar å etablere et program for administrativ forbedring og digitalisering i tråd med det fremlagte forslaget.
  • Organiseringen av programmet og de underliggende prosjektene skal sikre nært samspill mellom administrasjonen sentralt, det enkelte fakultet og grunnenhetene.
  • Styret vil bli orientert om fremdrift, gevinstplaner og uttak av gevinster i prosjektene.

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 3 Universitetssamarbeidet BOTT – samarbeid om administrative systemer. Status for arbeidet innenfor økonomi- og HR

Saksnr.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 6 Direktør (SKO 1111 forskningssjef) ved Uio: Energi

Saken er unntatt offentlighet etter offl.§ 25


V-SAK 7 Tilsetting av direktør på UiO: Livsvitenskap

Saken er unntatt offentlighet etter offl.§ 25


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 8 Valg av modell for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt

Saken legges ut i uke 10

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Saksdokumenter:

  • Styrenotat med vedlegg

Orienteringssaker


O-SAK 4 Høring - Endring i forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Saken legges ut i uke 10

Saksnr.

Saksdokumenter:

  • Styrenotat med vedlegg

O-SAK 5 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 7 Eventuelt

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Psykologi, Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 6. mars 2018 17:55 - Sist endra 6. mars 2018 17:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere