Innstillinga frå universitetsdirektøren var klar 8. mars, og der går det fram at universitetsstyret blir råda til å vedta at studentklinikkane for vaksne skal halda fram med å vera på Psykologisk institutt. Universitetsleiinga ber styret gjera fylgjande vedtak: Universitetsstyret sluttar seg til val av modell for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt. Styret ber instituttet og fakultetet fylgja opp klinikkdrifta ved Psykologisk institutt og rapportera jamleg til universitetsleiinga.
Tidlegare har både styret ved Psykologisk institutt og fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet altså gått inn for å leggja alle studentklinikkane for vaksne internt på Psykologisk institutt. Når det gjeld Barne- og familieklinikken skal den halda fram med å driva som før i samarbeid med Nic Waals Institutt fram til det er gjennomført ei nærare organisering av denne klinikken.
Førte til uro
Det var eit forslag om å flytta klinikkane ut, samtidig som klinikkane blei stengde av UiO på grunn av dei ikkje blei drivne i samsvar med gjeldande lovverk, som førte til stor uro både blant studentar og tilsette på instituttet i oktober i fjor.
• Les i Uniforum: UiO stenger klinikken ved Psykologisk institutt
Etter at ein intern rapport konkluderte med at Psykologisk institutt ville vera best tent med å ha klinikkane internt, har instituttleiar Pål Kraft og instituttstyret støtta tilrådinga. Det same har altså dekan Nils von der Fehr og fakultetsstyret ved SV-fakultetet gjort.
• Les i Uniforum: Psykologisk institutt vil ha alle vaksenklinikkane på huset
Dermed er det truleg at universitetsstyret kjem til å fylgja innstillingane frå dei to underliggjande styringsinstansane.
Tilset nye direktørar
Universitetsstyret skal også tilsetja direktør for UiO: Energi og direktør for UiO: Livsvitskap. Begge tilsetjingane skjer bak stengde dører.
Av andre vedtakssaker er det den som handlar om administrativ forbetring og digitalisering som er den mest interessante. Denne prosessen eller planen skal ta utgangspunkt i røynslene med Internt handlingsrom (IHR).Det skal gjerast i nært samspel mellom administrasjonen sentralt, kvart einskild fakultet og grunneiningane, går det fram av bakgrunnsnotatet. Det skal også klargjerast roller og ansvar for å få gjennomført dei føreslegne tiltaka.
Prosessen skal bidra til å effektivisera administrative prosessar og styrkja rammene for forsking og undervisning, heiter det. Mykje av dette har samanheng med at UiO i løpet av dei komande åra skal skifta ut eller fornya avtalane med leverandørar av system for sakshandsaming og arkiv, men også for økonomi og lønnsnær HR, heiter det i bakgrunnsnotatet.
Skal diskutera UiOs økosystem for innovasjon
Det blir ein hovuddiskusjon på møtet. Den dreiar seg om kunnskap i bruk, som handlar om innovasjonsarbeid ved UiO. Medan det tidlegare har handla mykje om innovasjonsløftet, skal diskusjonen i styret denne gongen også handla om UiOs økosystem for innovasjon og den globalt orienterte livsvitskapshovudstaden Oslo, går det fram av styrepapira.
Ei viktig orienteringssak handlar om Masterplan for universitetet sin IT. Det er allereie etablert ei arbeidsgruppe leidd av dekan Sten Ludvigsen på Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Den skal sjå på alle sider av infrastrukturen for IT ved UiO, og leggja fram ein endeleg Masterplan for universitetet sin IT som skal opp som vedtakssak i styret i desember.
Styret vil også få Universitetssamarbeidet BOTT – samarbeid om administrative system, opp som ei orienteringssak. I tillegg vil både Universitetet i Oslo og Eining for intern revisjon leggja fram årsrapportane sine for 2017.
Styremøtet blir som vanleg halde i Professorboligen i sentrum. Det startar klokka 10.00 og varer fram til klokka 17.00. Møtet blir strøyma både frå Uniforums og UiOs nettsider.
Dette er den fullstendige saklista for møtet i universitetsstyret 13.mars 2018:
Møte nr. 2/2018 i universitetsstyret
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden
V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 1/2018
Protokoll godkjent på sirkulasjon.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 1 Riksrevisjonen informerer om sitt arbeid og funn i revisjonen
Saker til behandling i åpent møte
Diskusjonssaker
D-SAK 1 Kunnskap i bruk: Innovasjonsarbeid ved UiO
Saksnr. 2015/15279
Saksdokumenter:
Vedtakssaker
V-SAK 3 Årsrapport 2017 inkl. avlagt årsregnskap 2017
Saksnr.
Forslag til vedtak:
- UiOs Årsrapport for 2017, inkl. årsregnskap for UiO, vedtas med de endringer som kom fram under møtet.
- Universitetsdirektøren gis fullmakt til å ferdigstille dokumentet.
Saksdokumenter:
V-SAK 4 Virksomhetsrapport 3. tertial 2017 for Universitetet i Oslo
Saksnr. 2017/11242
Forslag til vedtak:
- Styret tar virksomhetsrapporten for 3.tertial 2017 til etterretning.
Saksdokumenter:
Diskusjonssaker
D-SAK 2 Tildelingsbrev 2018 fra Kunnskapsdepartementet
Saksnr. 2017/1151
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 2 Årsrapport 2017 Enhet for intern revisjon
Saksnr.
Saksdokumenter:
Diskusjonssaker
D-SAK 3 Masterplan for universitetets IT
Saksnr.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 3 Universitetssamarbeidet BOTT – samarbeid om administrative systemer. Status for arbeidet innenfor økonomi- og HR
Saksnr.
Saksdokumenter:
Ordinære saker
V-SAK 5 Administrativ forbedring og digitalisering – forslag til prosess
Saksnr. 2018/3305
Forslag til vedtak:
- Styret vedtar å etablere et program for administrativ forbedring og digitalisering i tråd med det fremlagte forslaget.
- Organiseringen av programmet og de underliggende prosjektene skal sikre nært samspill mellom administrasjonen sentralt, det enkelte fakultet og grunnenhetene.
- Styret vil bli orientert om fremdrift, gevinstplaner og uttak av gevinster i prosjektene.
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 6 Direktør (SKO 1111 forskningssjef) ved UiO: Energi
Saken er unntatt offentlighet etter offl.§ 25
V-SAK 7 Tilsetting av direktør på UiO: Livsvitenskap
Saken er unntatt offentlighet etter offl.§ 25
Saker til behandling i åpent møte
Ordinære saker
V-SAK 8 Valg av modell for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt
Saksnr. 2017/11924
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret slutter seg til valg av modell for klinikk og praksis ved Psykologisk institutt. Styret ber instituttet og fakultetet følge opp klinikkdriften ved Psykologisk institutt og rapportere jevnlig til universitetsledelsen.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 4 Høring - Endring i forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 5 Årshjul for styresaker
Saksnr. 2014/2322
Saksdokumenter:
O-SAK 6 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 7 Eventuelt
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere