UiO vil reisa bygning for gjesteforskarar langs Blindern stasjon

Det kan koma ein ny bygning med bustader og mottak for internasjonale forskarar ved Blindern stasjon. Idéen har eigedomsdirektør John Skogen ved UiO nyleg lufta overfor Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO).

TOMTA:  Dette er ein del av området der UiO i samarbeid med SiO kan byggja ei blokk med husvære til alle internasjonale forskarar ved UiO. I dag har Parkavdelinga sin driftstasjon der. 

Foto: Ola Sæther

Tanken er at Blindern stasjon skal bli Blindernporten og gi både studentar og forskarar eit godt førsteinntrykk av Universitetet i Oslo.

– I dag er ikkje Blindern stasjon særleg tiltalande med svære og dominerande gangbruer, synest eigedomsdirektør John Skogen. Det er noko han ynskjer å gjera noko med. – UiO vil derfor ta kontakt med Oslo Sporveier og Oslo kommune for å høyra om me kan få til noko i fellesskap, slår han fast.  Også i 1999 ville UiO gjera stygg stasjon skjønn. Den gongen var det dåverande rektor Kaare R. Norum som ynskte det.

   Les i Uniforum: Stygg stasjon blir skjønn?

                             Blindern stasjon forblir som den er ...

Ynskjer alle internasjonale forskarar i ein felles bygning

Ein ny idé er likevel komen heilt til utgreiingsstadiet. – Ja, den handlar om korleis me kan få samla alle bustader for internasjonale forskar i eit felles bygg langs Blindern T-banestasjon. I dag har me litt over 40 forskarbustader spreidde på ulike stader. Det er ikkje særleg driftsvennleg. Me håpar å selja desse gjesteforskarbustadene og husa alle gjesteforskarane i ein felles bygning som altså kan byggjast der Parkavdelinga held til i dag og på tomta der det tidlegare var ein kiosk. UiO eig den eine tomta, medan Studentsamskipnaden i Oslo eig den andre. Nettopp difor hadde det vore fint om me kunne ha bygt ein bygning der me kunne samla alle bustadene for internasjonale forskarar, understrekar han. 

   Les i Uniforum: Blindern stasjon blir ny i 2011

– Eit fortrinn for UiO

Då han la fram tanken for universitetsstyret før jul, fekk han gode tilbakemeldingar. John Skogen trur det vil vera ein stor fordel for Universitetet i Oslo. – Det vil vera eit stor fortrinn for UiO i konkurransen om å trekkja til seg dei største internasjonale forskartalenta, trur John Skogen. Han har allereie vore i kontakt med direktør Lisbeth Dyrberg i SiO, og dei har blitt einige om å lysa ut ein avgrensa arkitektkonkurranse i løpet av nyåret. Og det stadfestar Lisbeth Dyrberg.

– Arkitektkonkurransen vil vera grunnlag for ein reguleringsprosess, før forslaget skal gjennom ein bygnings- og planleggingsprosess og til slutt kjem til politisk behandling i Rådhuset, understrekar ho.

– Verdig tilgangsportal

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har tru på prosjektet.

– Her har UiO og SiO eit felles prosjekt for å regulera dette området til ein bygning med bustader for internasjonale forskarar, noko som det er eit stort behov for. Det felles ynsket vårt er å gjera stasjonsområdet på Blindern slik at det blir ein verdig tilgangsportal til Universitetet i Oslo, seier Lisbeth Dyrberg til Uniforum. Det er likevel langt fram før stasjonsområdet vil kunna visa seg frå ei heilt ny side.

– Me må først ha ein strategi for å kunna realisera ambisjonane våre for dette området, legg ho til.

– Tar lang tid

Så langt er det ikkje mogleg å seia kva prosjektet vil kosta.

– Sidan det førebels berre er eit luftslott, kan me ikkje kalkulera kor mykje det kjem til å kosta. Men å flytta Parkavdelinga vil ikkje vera vanskeleg, for me har mange andre stader på Blindern som dei kan flytta til. Førebels er utgreiinga i fase 1, og det tar lang tid før me kjem over til ein gjennomføringsfase, understrekar John Skogen.

Eigedomsdirektøren viser også til at saka truleg må tilbake til handsaming i universitetsstyret. – Ja, dersom me kjem fram til at det vil vera forsvarleg å selja dagens gjesteforskarbustader for å kunna finansiera kostnadene ved å byggja ei felles blokk for alle desse gjesteforskarbustadene, vil universitetsstyret få det siste ordet i saka, konstaterer han.

Uniforum har også forsøkt å få ein kommentar frå leiinga i Oslo Sporveier til desse planane. Så langt har det ikkje lykkast oss å få dei i tale.

Emneord: byggeprosjekter, Universitetspolitikk, SiO Av Martin Toft
Publisert 4. jan. 2018 14:37 - Sist endra 4. jan. 2018 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere