Per Fugelli er død

Professor i sosialmedisin, Per Fugelli døydde I dag, 73 år gammal. - Per Fugelli var ein bauta innanfor samfunnsmedisin, seier UiO-rektor Svein Stølen

PER FUGELLI PÅ UIO: Per Fugelli deltar på UiO-festivalen I 2016. Idag døydde professoren i sosialmedisin frå Universitwt I Oslo.

Foto: Ola Sæther

Per Fugelli døydde onsdag morgon, opplyser sonen hans Aksel Fugelli til fleire media idag. Fugelli var professor i sosialmedisin ved Universietet I Oslo sidan 1992. Tidlegare var han professor ved Universitetet I Bergen. 

- Ein rollemodell

UiO-rektor Svein Stølen uttrykkjer stor sorg etter at Per Fugelli no er død: 

Dette er ein trist dag for norsk medisin, norsk offentlegheit og for UiO. Per Fugelli var ein bauta innanfor samfunnsmedisin. Han var ein viktig samfunnsdebattant, ein sterk personlegdom og ein rollemodell. Ein  mann med tydelege  meiningar og som snakka om helse på ein befriande måte. Han har dessutan sjølv i lang tid stått fram med ein alvorleg kreftsjukdom og slik sett gitt sjukdommen eit ansikt utad. Per Fugelli vil bli djupt sakna, seier Svein Stølen i ein kommentar til Uniforum. 

Distriktslege i Værøy og Røst og i Porsanger

Per Fugelli var fødd i Stavanger i 1943, og døydde altså i heimen på Jæren onsdag 13. september 2017. Han har vore distriktslege i Værøy og Røst 1971-73 og i Porsanger 1977-80. Frå 1984 til 1992 var han professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen. I 1992 kom han til Universitetet i Oslo som professor i sosialmedisin, der han arbeidde fram til 2013. Då han døydde var han professor emeritus ved Institutt for helse og samfunn ved UiO.

Les også: Fleire hundre ville ha resept på Per Fugellis livsvisdom

Opptatt av fordeling av makt og goder 

Nestleiar ved instituttet, medisinprofessor Jan Frich er opptatt av å få vist fram forskinga hans.

- Både i forsking og undervisning var han opptatt av korleis fordeling av makt og goder i samfunnet påverkar menneska si helse og om fordeling av verdiar som tryggleik, fridom og verde, skriv han i ei melding til Uniforum.  

DØYDDE ONSDAG MORGON: Professor i sosialmedisin, Per Fugelli døydde onsdag 13. september. - Han var ein bauta innanfor samfunnsmedisin, seier UiO-rektor Svein Stølen i ein kommentar. (Foto: Ola Sæther)

- Utvikla samfunnsmedisin og allmenmedisin som akademiske fag

Per Fugelli blei tildelt Karl Evangs pris i 2010, Siddisprisen i 2012, Fritt Ords pris i 2013 og Vesleblakkenprisen i 2016. - Fugelli har gjort ein stor innsats i både forsking og som utviklar av allmennmedisin og samfunnsmedisin som akademiske fag. Han ha gjort ein eineståande innsats formidlar og samfunnsaktør, synest Jan Frich. 

(Oppdatert kl 22:26)

Emneord: Medisin Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2017 17:48 - Sist endra 13. sep. 2017 22:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere