Livsvitskapssenteret skal vera på plass på UiO i 2023

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen gir 50 millionar og klarsignal for bygging av livsvitskapssenter.   – Det er dette me skal leva av etter olja,  men også ei god stund før oljealderen tar slutt, sa han til Uniforum då han besøkte leiinga ved Universitetet i Oslo i formiddag.

ENDELEG KLART: Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen blir realisert.  Det er klart etter at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i dag gjorde det klart at prosjektet får ei startløyving på 50 millionar kroner. I formiddag feira han avgjerda saman med UiO-rektor Svein Stølen, universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og visedekan Kristin Vinje ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Foto: Martin Toft

Mellom 10 og 15 personar var på plass i 10. etasje i Lucy Smiths hus klokka 10 i formiddag for å ta imot kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som gjerne ville feira nyhendet om at livsvitskapssenteret får ei startløyving på 50 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2018. Nyhendet blei først kunngjort av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Aftenposten i dag tidleg.

– Har fylgt opp lovnadene våre

– Det vil seia at i teorien kan det første spadetaket bli tatt 1. januar, sa  Torbjørn Røe Isaksen til Uniforum under snarvisitten i Lucy Smiths hus på Blindern i dag.

Det blir likevel ei lita løyving samanlikna med den samla kostnaden på nesten sju milliardar kroner for det livsvitskapssenteret, som vil bli Universitetet i Oslos største bygning når den etter planen skal stå ferdig i 2023. Kunnskapsministeren meinte at dagens nyhende viser at regjeringa har fylgd opp lovnadene sine i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning frå 2014 til 2018

– Den gongen sa me at me ville prioritera to store byggeprosjekt, nemleg Ocean Space ved NTNU i Trondheim og eit livsvitskapsbygg ved Universitetet i Oslo. Av forskjellige grunnar er ikkje Ocean Space i Trondheim kome så veldig langt i løypa enno, men no har me i alle fall klar ei startløyving på 50 millionar kroner til livsvitskapsbygget ved UiO i forslaget til statsbudsjett for neste år, sa ein svært nøgd Røe Isaksen. 

– Mantraet for meg

Sjølv om han er glad for at bygningen vil bli realisert, er han endå meir opptatt av kva som skal vera i bygningen. 

– Innhaldet i bygningen er mantraet for meg. Det må bli forsking av høg vitskapleg kvalitet. Eg har store forventingar til kva dette vil få å seia ikkje berre for Universitetet i Oslo, men også for heile kunnskaps-Noreg. Og når bygningen opnar i 2023, minner eg om at det er tradisjon for å invitera tidlegare statsrådar til opninga, sa han med eit smil til ein endå blidare UiO-rektor Svein Stølen

– Fantastisk dag

– Det er ein fantastisk dag for dette har me på UiO jobba for i så mange år.  Det som er viktig for meg no, er å takka alle dei tilsette og alle fagmiljøa ved universitetet som har arbeidt for at dette skulle bli ein realitet. Dessutan er det ekstremt viktig for UiO, men også for kunnskapsnasjonen Noreg, understreka Svein Stølen. 

Han syntest også det var ein stor dag for forskinga. 

– Dette er kjempeviktig for satsinga på grunnleggjande forsking i livsvitskap og for at UiO skal halda fram med å vera eit leiande europeisk universitet, sa Svein Stølen til Uniforum. 

UiO-rektoren såg  også føre seg at når livsvitskapssenteret står ferdig, vil det gi ein ny giv i samarbeidet mellom UiO og andre aktørar.  – Samfunnet forventar innovasjon frå UiO, og me skal og må levera på den forventinga. Livsvitskapssenteret vil bli til stor nytte for samarbeidet med nytt og etablert næringsliv og heile samfunnet rundt oss. Og senteret vil  dessutan skapa fleire nye arbeidsplassar, var Stølen heilt viss på.  

– Vakna med eit smil om munnen

Så gav han ordet vidare til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, som er ein av dei i UiO-leiinga som har jobba lengst for å få realisert planane om eit livsvitskapssenter i Gaustadbekkdalen.  – Det har vore svært viktig å få dette prosjektet på plass. Eg vakna med eit smil om munnen i dag då nyhendet blei kjent. Det er ein stor dag for UiO, for Noreg og for meg personleg, sa Bjørneboe. 

–  Men det står mykje arbeid igjen?

– Ja, men no begynner den spennande delen med å leggja planar og laga ei eigedomsforvalting for det framtidige livsvitskapssenteret. Derfor har både alle tilsette og alle studentar stor grunn til å gleda seg over den avgjerda som blei kjent i dag. I alle fall skal me ta ein generalprøve på det første spadetaket på bygningen i januar 2018, lova ho. 

Nytilsett visedekan Kristin Vinje representerte Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet under snarvisitten til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.  Vinje som fram til i sommar var stortingsrepresentant for Høgre, var svært glad for nyhendet frå Røe Isaksen.  – Det er verkeleg gledeleg for Noreg  som nasjon, og ikkje minst for meg som visedekan ved MN-fakultetet, slo ho fast.

LIVSVITSKAPSSENTERET: Dette er vinnarutkastet Vev, som viser korleis det framtidige Livvitskapssenteret skal koma til å sjå ut når det står ferdig i 2023. (Foto: Ratio Arkitekter)

Skal tilsetja ny direktør for Livsvitskapssenteret

Etter at den tidlegare prodekanen ved MN-fakultetet, Svein Stølen blei rektor,  blei han etterfylgd av Finn-Eirik Johansen som prodekan. Johansen  var den første som blei tilsett som direktør for livsvitskapssenteret. Derfor er stillinga som direktør for livsvitskapssenteret lyst ut på nytt, og i går kunne Uniforum melda at seks personar hadde søkt den ledige stillinga.

       •  Les også: Disse vil bli direktør for UiO:LIvsvitenskap

Planen er at livsvitskapsbygget skal stå ferdig i 2023. Då vil prislappen koma på nesten sju milliardar kroner.  Dei 50 millionar kronene som UiO får i startløyving på framlegget til statsbudsjett for 2018, ber likevel bod om at større løyvingar vil koma i åra som kjem. Derfor er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksens gladmelding i dag, tatt så godt imot av heile UiO-leiinga. – Ja, me kjem sjølvsagt til å ha ei lita festleg markering av dette i ettermiddag, avslørte UiO-rektor Svein Stølen etter besøket til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

(Oppdatert 6. september kl. 12:55)

Emneord: Livsvitenskap, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2017 10:06 - Sist endra 6. sep. 2017 14:02

Det er fint att nye bygget har stor avdelning struktur biology som går bra att samarbeta med Lund og deras MAX IV og ESS anlegg (bl.a. stor mikrosokop som tom kan se protoner, og større strukturer). KKA

Karl Kristoffer Andersson - 7. sep. 2017 14:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere