UiO stuper på ny universitetsrangering

UiO rasar ned 29 plassar på den nye QS-rangeringa over verdas beste universitet. Universitetet i Bergen klatrar. 

GAPET BLIR MINDRE: – Det er hyggeleg at me gjer eit byks oppover på rangeringa. Me pustar UiO i nakken, som dett ned ein del plassar, og gapet mellom UiO og UiB blir mindre, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Her i Rio med Ole Petter Ottersen.

Foto: Tore Oksholen/ Universitetsavisa

I dag vart QS World University Rankings for 2017 publisert. Undersøkinga brukar ein eigen metodikk for å rangera dei beste universiteta i verda, kor hovudvekta ligg på universiteta sitt omdøme.

QS World University Rankings er ei rangering av universitet.

  • Quacquarelli Symonds (QS) som står bak rankinga er ei London-basert verksemd som utviklar internasjonale nettverk for å kopla arbeidsgjevarar og høgt kvalifisert arbeidskraft på den globale arbeidsmarknaden.
  • QS World University Rankings legg vekt på universitetet sitt omdømme, ved blant anna ei spørjeundersøking blant 75 000 akademikarar som rangerar dei 30 beste universiteta. 
  • QS si rangering er basert på ein kompleks metodikk, men tar i hovudsak utgangspunkt i seks indikatorar:
  • Omdømme blant vitskapeleg tilsette (40%)
  • Omdømme blant arbeidsgjevarar (10%)
  • Siteringar per vitskapeleg tilsett (20%)
  • Internasjonal del av vitskapeleg tilsette (5%)
  • Internasjonal del av studentar (5%)
  • Vitskapeleg tilsette per student (20%)
  • Kjelde: QS World University Rankings

Universitetet i Bergen (UiB) klatrar frå ein 177. plass i fjor til ein 164. plass i år.

– Det er hyggeleg at me gjer eit byks oppover på rangeringa. Me pustar UiO i nakken, som dett ned ein del plassar, og gapet mellom UiO og UiB blir mindre, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

UIB får 52,1 poeng av 100 moglege på rangeringa. Universitetet i Oslo (UiO) har 55,5 poeng totalt.

NTNU får 40,5 poeng, og er tredje beste institusjon i Noreg. Det gjev dei ein 259. plass på rangeringa, det same som i fjor.

– Endring i metode årsak til fall

UiO ligg på ein 142. plass på lista - ned 29 plassar frå ein 113. plass i fjor. 

UiO-rektor Ole Petter Ottersen hevdar at det er nye måtar å rekna på som gjer at dei rasar nedover på lista i år. 

– I fjor sendte me inn talet på alle studentar på universitetet, i år har me sendt inn tal på fulltidsstudentar. På ein måte slår talet på fulltidsstudentar dårlegare ut for oss enn om ein sender inn tal på alle studentane. Dette illustrerer igjen metodesvakheitene med slike rangeringar. Det som er hovuddelen av denne rangeringa, er omdøme - og der har me gått litt fram. Slik me ser det så er det i hovudsak ei teknisk endring som gjer at me går ned, seier Ottersen, og legg til:

– I tillegg kan det jo vera at andre universitet har fått høgare skår enn i fjor og derfor gått forbi. Den internasjonale konkurransen er jo aukande, seier Ottersen, som gjerne vil gratulera UiB med å ha klatra på rankinga i år. 

– Gode på andre rangeringar

– I 2014 låg de på ein 89. plass på denne rangeringa – de har falle ein god del sidan då?

– Det har gått mykje opp og ned i QS. Tendensen over tid har vore at me har gått ned. På andre rangeringar går me oppover, og på Shanghai-rankinga – som er den mest  forskingstunge - ligg me godt innanfor dei 100 beste. Så me varierer veldig. På Webometrics ligg me heilt i toppsjiktet i Norden. Alt avhenger av kva rangering ein ser på, seier Ottersen.

Dei to parametra UiO skårar høgast på av alle dei norske institusjonane er akademisk omdøme og talet på internasjonale studentar. 

Ottersen meiner omdøme-delen også er problematisk.

– QS har eit stort omdøme-element, og det er ekstremt vanskeleg å vurdera andre universitet slik. Det er eigentleg ganske oppsiktsvekkande at ulike universitet rekrutterer akademikarar frå andre land til å delta i undersøkinga. Dei går aktivt ut og rekrutterer personar som kan gje dei godt omdømme, det gjer ikkje me. Eg har sjølv fått e-post frå andre universitet som ber meg nemna dei i undersøkinga.

UiB best på vitskapeleg sitering

UiB har det beste resultatet av alle dei norske institusjonane når det gjeld andel internasjonalt vitskapeleg tilsette og på sitering av vitskapelege artiklar per tilsett.

Det sistnevnte er svært gledeleg for Dag Rune Olsen.

– Igjen gjer me det aller best på dette med vitskapeleg kvalitet og siteringsindeks. Det er heilt i tråd med regjeringa sin langtidsplan for høgare utdanning, og kvalitetsmeldinga, som legg vekt på framifrå forsking. Det er viktig at me scorar høgast på dei parametrane som seier mest om forskingskvaliteten vår. Det er i tråd med vår eigen strategi og regjeringa sin stragtegi, seier Olsen.

Var på 121. plass

Det høgaste plasseringa UiB har hatt på QS-rangeringa var i 2011, då UiB låg på ein 121. plass.

I 2015 låg dei på ein 181. plass, og i fjor på 177. plass.

– UiB har lagt høgare på rangeringa tidlegare år - og no er de på veg oppover igjen. Gjer de noko for å klatra på rangeringa?

– Me gjer ingenting systematisk for å klatra på rangeringane, men me jobbar med kvalitet i forskinga vår. Andre institusjonar jobbar mykje med denne omdømebiten, og sørger for at forskarar som blir spurde i undersøkinga, hugsar på deira universitet. Det har ikkje me gjort noko av. I lys av det er det desto hyggelegare at me rykker opp på lista, slår Olsen fast.

Tidlegare i vår kom QS med ei årleg universitetsrangering basert på fagområde. Innan kategorien marin forskning blei UiB då kåra til det 37. beste universitetet i heile verda. Geovitskap var også blant dei 50 beste i verda.

Universitetet i Oslo har fire fagområde blant dei 50 beste i verda: antropologi, medie- og kommunikasjonsfag, odontologi samt teologi og religion.

NTNU har ingen blant dei 50 beste, men arkitektur og bygg- og konstruksjonsfag er plassert blant dei 100 beste.

Av Marthe Njåstad i På Høyden
Publisert 8. juni 2017 11:12 - Sist endra 8. juni 2017 11:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere