Graver og Stølen lova å forenkla administrative rutinar

Ingen nye store skilnader kom fram mellom rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen i den siste rektorvaldebatten i Gamle festsal. Begge lova å jobba for å forenkla dei administrative rutinane på UiO.

TRE MOT TRE: Rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen stilte begge med både prorektorkandidat og ein viserektorkandidat under debatten i Gamle festsal.  Frå venstre: Åse Gornitzka, Gro Bjørnerud Mo, Svein Stølen,  debattleiar Therese Manus, Hans Petter Graver, Inger Sandlie og Jan Frich.

Foto: Ola Sæther

Det einaste som får temperaturen til å auka litt mellom dei to kandidatane er framleis diskusjonen om studentar skal få automatisk eksamensgrunngjeving og synet på om det er mogleg å fjerna alle mellombelse stillingar.

– Også me vil ha færrast mogleg mellombelse stillingar, men me trur ikkje det er mogleg å koma ned i null slike stillingar, sa rektorkandidat Svein Stølen under valdebatten i Gamle festsal i Urbygningen på tysdag. Motkandidat Hans Petter Graver var nøgd med at han natta før hadde fått uventa draghjelp frå regjeringa. – Deira visjon er også å få redusert talet på mellombelse stillingar i akademia ved å foreslå endringar i Tenestemannslova. Dermed blir det ikkje lenger mogleg å halda fram med dagens praksis, meinte han.

Dei 60 personane som hadde møtt opp, fekk høyra kandidatane snakka om forsking, utdanning og om administrative rutinar på universitetet.

– Har forstått universitetet sin DNA

Debattleiar Therese Manus spurte rektorkandidatane kvifor folk på UiO skulle stemma på dei. Svein Stølen var først ute: med å svara: 

– Den danske forskaren Hanne Foss Hansen skreiv i ein kommentar at dette teamet verkeleg har forstått universitetet sitt DNA. Det skreiv ho etter å ha lese kronikken vår i Aftenposten. For oss er dette meir enn fagre ord. Me vil noko med Universitetet i Oslo. Sjølv har eg lang erfaring som forskar og med utdanning, eg var delaktig i etableringa av eit tverrfagleg studieprogram, og eg har vore instituttleiar og prodekan ved MN-fakultetet.

Har lært UiO å kjenna som dekan

Også rektorkandidat Hans Petter Graver fekk høve til å marknadsføra seg sjølv.

– Som dekan ved Det juridiske fakultetet i to periodar, har eg lært UiO godt å kjenna. Eg har ei djup forankring i dei faglege kjerneverdiane i synet på vitskapen og universitetsdemokratiet. Vår visjon er at UiO skal bli endå betre som forskingsuniversitet og få eit betre læringsmiljø, sa Graver.

Svein Stølen hadde også mange visjonar for UiO. – Det er viktig å ta tilbake definisjonsmakta. Me skal jobba for eit samspel mellom alle delar av universitetssamfunnet, både når det gjeld forsking, utdanning og formidling.

Lova betre oppfylging av studentar

Prorektorkandidaten hans, Gro Bjørnerud Mo fylgde opp:

– Det kan vera både eksterne og interne grunnar til at viktige avgjerder om undervisning og utdanning ikkje blir gjennomførte. Mange fagmiljø har ikkje god nok oppfylging av studentane. Det kan vera vanskeleg å få gjennomslag for ei strategisk tilnærming til dette. Om me vinn rektorvalet, blir eg prorektor for utdanning. Det har UiO aldri hatt før. Eg har dessutan jobba politisk for dette interessefeltet. Førstkomande måndag 3.april vil me dessutan lansera vårt utdanningspolitiske manifest, kunngjorde ho.

– Og det like før påske, kommenterte Hans Petter Graver.

– Stølen har kappa meir og meir land frå Graver

Den kommentaren fekk prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo til å heva stemma i debatten.

– Det er faktisk fleire arbeidsdagar igjen før påske. Og alle hardtarbeidande UiO-tilsette vil vera til stades, slo ho fast. Så peika ho på at rektorkandidat Hans Petter Graver hadde moderert nokre av meiningane sine. – Det gjeld både på automatisk eksamensgrunngjeving, lovnaden om å lata tilsette i forskar- og lektorstillingar kvalifisera seg til professorat og nullvisjonen for mellombelse tilsetjingar. – Etter kvart som rektorkandidat Svein Stølen har kappa meir og meir land frå Graver, har Graver integrert det som ein del av sin eigen politikk, meinte ho.

– Kandidatar må ha tverrfagleg kompetanse

Hans Petter Gravers viserektorkandidat, Jan Frich, kvitterte med å visa fram kva visjonar dei hadde for framtidas studentar. – Alle kandidatane må ha tverrfagleg kompetanse. Alle UiO-studentane må få slik erfaring. Derfor må me jobba for gode læringsmiljø. Ved Det medisinske fakultetet har me kandidatar i praksis hos Helsedirektoratet, og me har også nyleg starta ei utdanning i helse og innovasjon, peika han på.

Graver lova å jobba for at UiO skal laga ein plan for å fylgja opp innhaldet i Kvalitetsmeldinga frå regjeringa. – Det skal bli meir valfridom, og me vil jobba for at det skal bli mogleg med meir tverrfagleg samarbeid. Me skal klara å få det til i tett dialog med fagmiljøa, trudde han.

Også Svein Stølen hadde tru på at det skulle lata seg gjera. – Det er viktig å satsa på utdanning. Me vil auka satsinga på utdanning og jobba strategisk og taktisk, slik at alle kan få den naudsynte kompetansen.

GOD STEMNING: Det var god stemning mellom rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen før debatten tok til i Gamle festsal i Urbygningen. (Foto: Ola Sæther)

Einige om å forenkla dei administrative rutinane

Begge rektorkandidatane snakka også varmt om administrasjonen. Hans Petter Graver peika først på rollefordelinga mellom dei tilsette:

– Universitetet i Oslo må ha ein god administrasjon, eller så må dei vitskaplege tilsette ta seg av dei administrative oppgåvene sjølve. Då er det mykje betre å gå gjennom prosedyrane ved UiO. Eg vil difor setja i gang eit prosjekt for å forenkla dei administrative rutinane. Og om ei eining på universitetet vil setja i gang med nye ting, må dei sjå på konsekvensen det har for andre ting som dei gjer i dag, lova Graver.

Svein Stølen var stort sett einig med Graver i dette: – Det er viktig å ha kunnskapsgrunnlaget klart. Og UiO må bruka heile staben sin. Eg er einig i at det er behov for ei forenkling i dei administrative rutinane. Og det var nettopp det som blei gjort gjennom prosjektet Internt handlingsrom, slo han fast.

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2017 13:05 - Sist endra 3. apr. 2017 11:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere