Søkjarkomiteen førte dei saman

– Det var med litt draghjelp frå søkjarkomiteen me klarte å finna fram til kvarandre, fortel rektorkandidat Hans Petter Graver, prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich.

DEI ALLER BESTE: – Om eg skulle stilla som rektorkandidat, var eg likevel fast bestemt på at då måtte eg ha med meg dei aller beste i teamet mitt, seier rektorkandidat og jussprofessor Hans Petter Graver (t.h.) Med assistanse frå søkjarkomiteen fann han fram til viserektorkandidat og medisinprofessor Jan Frich og prorektorkandidat og professor i molekylærbiologi, Inger Sandlie.

Foto: Ola Sæther

Elleve timar etter at Uniforum melde at jussprofessor Hans Petter Graver ville stilla som rektorkandidat ved UiO, møter han saman med prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich både veljarar og journalistar i Kafé Georg på Blindern.

Ein liten delegasjon frå Studentparlamentet dukkar også opp og vil ha svar på kva dei vil gjera for studentane. Etter at den største stormen av spørsmål har lagt seg, kan dei setja seg ned og avsløra korleis dei tre blei eit team som håpar å vinna rektorvalet i 2017.

- Måtte ha dei aller beste

Hans Petter Graver har tidlegare avvist at han ville stilla som rektorkandidat ved UiO. No har han altså ombestemt seg og seier ja.

– Om eg skulle stilla som rektorkandidat, var eg likevel fast bestemt på at då måtte eg ha med meg dei aller beste i teamet mitt. Eg var i kontakt med søkjarkomiteen og dei rådde meg til å spørja Inger Sandlie om å bli prorektorkandidat. Då eg ringde henne før jul, fekk eg eit positivt svar frå henne, fortel han.

Sandlie blei spurd om å vera rektorkandidat

Då hadde professor i molekylærbiologi, Inger Sandlie ei god stund tidlegare også snakka med søkjarkomiteen.

– Eg blei ringt opp og spurt om eg kunne tenkja meg å stilla som rektorkandidat. Då blei eg først himmelfallen, men så tenkte eg meg om, og så fann eg ut at eg gjerne ville vera med på å styra ein så viktig institusjon som Universitetet i Oslo. Vilkåret mitt var eg den personen eg ville ha som prorektor ville seia ja til det vervet. Då han sa nei, var det nesten som å få avvist eit frieri. Derfor skrinla eg heile tanken om bli rektorkandidat, seier ho til Uniforum.

Nokre veker seinare var det ho som fekk telefon frå Hans Petter Graver om ho ville vera hans prorektorkandidat.

– Og då takka eg sjølvsagt ja til det tilbodet. Det var som om det var bestemt av skjebnen, smiler ho.

- Respekterer kvarandre

Medisinprofessor Jan Frich blei allereie i fjor haust kontakta av søkjarkomiteen med spørsmål om han kunne tenkja seg å delta i eit rektorlag.

– Det var komiteen som fekk kopla meg saman, først med Inger Sandlie, og så med Hans Petter Graver, seier han. Hans Petter Graver er svært nøgd med dei to andre han har fått med seg på laget.

– Me både trivst saman og respekterer kvarandre. Og så har me klart å snikra saman ei valplattform, som me alle synest er blitt svært fin.

- Graver har dekanerfaring

– Var det nokon gong aktuelt å byta rollene, slik at Inger Sandlie skulle stilla som rektorkandidat og Hans Petter Graver som prorektorkandidat?

– Det vil eg gjerne svara på, seier Inger Sandlie.

– Eg har masse erfaring frå forskinga, men heller lita leiarerfaring, sjølv om eg akkurat no er nestleiar for Senter for immunregulering. Graver har jo brei leiarerfaring etter å ha vore dekan ved Det juridiske fakultetet frå 2008 og til og med 2015. Så derfor er også teamet sterkare med Graver som rektorkandidat, synest eg. Graver svarar slik på det:

-  Sandlie har jo ein strålande bakgrunn frå toppforsking, også innanfor livsvitskap, som er eitt av dei store satsingsområda til Universitetet i Oslo. Samtidig har Jan Frich god erfaring frå omlegginga av medisinstudiet og andre sider av medisinutdanninga. Kort fortalt så utfyller me kvarandre, understrekar Graver.

Medan Inger Sandlie skal vera prorektor, skal Jan Frich vera viserektor for utdanning.

– Når det gjeld utdanning er det viktig å forstå dei politiske signala som kjem. Personleg meiner eg at Universitetet i Oslo har eit stort uforløyst potensial på mange område innanfor både forsking og utdanning, seier Frich.

Lovar ingen revolusjon ved UiO

– Kvifor skal veljarane på Universitetet i Oslo stemma på dykk og ikkje på rektorteamet til Svein Stølen?

– Det viktigaste er at veljarane stemmer på eit program som tener UiO. Me meiner at me har eit så godt program at veljarane bør stemma på oss, synest Graver. Han ser ikkje føre seg nokon stor revolusjon ved UiO, om dei vinn rektorvalet.

– Universitetet i Oslo har eksistert i 200 år og har heile tida vore ein leiande og viktig samfunnsinstitusjon. Det skal halda fram med å vera ein leiande samfunnsbyggjande institusjon tufta på vitskap og på høg kvalitet i utdanninga.

– Kva blir den viktigaste rolla dykkar, Graver?

– Evna til å lytta og få alle gode krefter med seg slik at me kan dela våre erfaringar med kvarandre, svarar Graver. Jan Frich legg også til ein annan eigenskap. – Me er tydelege og godt samansveisa som team, poengterer han.

- Leiing er støttefunksjon for kjerneverdiane

Inger Sandlie peikar på ein viktig skilnad mellom rektorkandidat Gravers team og Stølens team.

– Me utgjer berre tre personar i rektorlaget vårt. Om me finn ut at me treng kompetanse me ikkje har, kan me engasjera ein fjerde person, meiner ho. Det er noko som rektorteamet har jobba heilt medvite med, stadfestar Graver:

– Me ser på leiing som ein støttefunksjon til kjerneverdiane som er forsking og utdanning. Som til andre støttefunksjonar skal ein ikkje bruka meir ressursar enn naudsynt, understrekar han.

Alle tre vil gjerne ha auka satsing på arbeidet med å gjera ferdige kandidatar frå UiO nyttige for arbeidslivet, også om dei må halda fram med karrieren utanfor Universitetet i Oslo. Inger Sandlie tenkjer spesielt på postdoktorane ho har kontakt med som nestleiar ved Senter for immunregulering.

Kandidatane må få vist fram kompentansen sin

– Eg er opptatt av at dei også kan bringa vidare det dei  har lært på UiO til andre delar av arbeidslivet. Alle kan ikkje tilsetjast på universitetet. Difor er det viktig at dei er stolte over det dei har vore med på ved UiO. Dei får erfaring med leiing av prosjekt, å presentera eiga forsking og undervisning. Denne kompetansen må dei få visa fram til framtidige arbeidsgjevarar. Me må difor gi dei eit godt kurstilbod, understrekar ho.

Jan Frich kvitterer med å visa både til postdoktorprogrammet dei har på Det medisinske fakultetet og Helseinnovatørskulen UiO har i samarbeid med mellom anna NTNU, Karolinska Institutet og Nansen Neuroscience.

– Me utdannar morgondagens forskarar, men og mange folk som ikkje har høve til å få jobb her, men som vil virka utanfor universitetet, konstaterer Frich.

Graver peikar på ei anna problemstilling.

– Mange av dei beste postdoktorane takkar nei til ein vidare karriere på UiO. Då er det UiO som ikkje når opp i konkurranse med andre arbeidsgjevarar, seier han.

– Det må vera mogleg for dei som driv med forsking å få undervisningsstillingar, medan dei som driv med undervisning, kan søkja seg til forsking. Då kan UiO bli ein betre arbeidsgjevar. Talet på mellombels stillingar må ned på UiO. Det blir det viktig å få til, seier Hans Petter Graver.

Emneord: Rektorvalget 2017, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2017 12:31 - Sist endra 14. jan. 2017 12:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere